Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Skulen og produsentane må møtast

KATEGORI

Musikk, Skole,

SJANGER

Artikkel,

PUBLISERT

fredag 9. mai 2014

– Vi har mange døme på fantastisk gode konsertopplevingar i gymsalen. Men vi har òg mange døme på at opplevinga kunne vore mykje betre om ho fekk ein relasjon til elevane sin kontekst, seier Eldar Skjørten, faglærar i musikk ved Eiksmarka skule i Bærum og eigar av nettstaden musikkpedagogikk.no.

↑ Skulekonteksten har eit mangfaldig potensial som ikkje er utnytta. Albert Anker: «Die Dorfschule von 1848», Kunsthaus Zürich.

Rett før påske publiserte Periskop artikkelen «Ein gymsal blir aldri eit konserthus» der forskaren Kari Holdhus drøftar kvalitetsomgrepet i samband med skulekonsertordninga. Eldar Skjørten har vore musikklærar ved Eiksmarka skule i Bærum i mange år og kjenner skulen frå innsida. Tidlegare har han òg vore med i programrådet til Rikskonsertane. Han har stor tru på at tettare samarbeid mellom Rikskonsertane og skulane kan gjera skulekonsertane betre.

– Skulekonteksten har eit mangfaldig potensial som ikkje er utnytta. Kva med å leggje konserten til ein dag skulen har eit spesielt arrangement? Det kan vera alt frå skulejubileum til innsamlingsaksjon, litteraturveke eller mattedag. Slik eg ser det kan slike dagar ofte ha et kulturinnslag.

Ofte vil eit slikt innslag ikkje ha noko med «temaet» for arrangementet å gjøre, men det treng ikke vera noko problem. Eller ein kan byte ut nokre av dei vanlege konsertane med ein kveldskonsert der foreldra er inviterte? Kanskje kan elevar og musikarar framføre programmet sitt på same konsert? Nokre av ideane vil falle bort på grunn av økonomi og logistikk, men det er mange steinar ein kan vende, seier han.

Stor variasjon i form

I eit større perspektiv er det nok meir variasjon i formene på skulekonsertane enn det kom fram i artikkelen «Ein gymsal blir aldri eit konserthus». Øyvind Lyslo er musikar og musikkprodusent i Sogn og Fjordane fylkeskommune, og har hatt ein eller fleire fingrar med i eit utal skulekonsertar. Han understrekar at skulekonserten mest er å rekne som ein eigen sjanger som ikkje utan vidare kan samanliknast med andre konsertformer.

– Ein må ta på alvor både det som er likt og ulikt når skulekonserten skal samanliknast med andre typar konsertar. Elevane på ein skulekonsert har som regel ikkje Grieghallen eller Operahuset som referanse. I ein debatt om skulekonsertordninga bør det vere mogleg å sjå både fordelar og ulemper med føresetnader og arena, i staden for å berre å slå fast manglane, seier han.

Elevmedverknad viktig, ikkje eit must

Lyslo fortel om fleire produksjonar han har vore involvert i som både har hatt stor grad av medverknad frå elevane og tettare samarbeid mellom musikarar og skule på førehand.

Eldar Skjørten. Foto: Privat

I nokre produksjonar er det lagt inn ein øvingstime der elevane får instruksjon på ulike instrument, song eller dans som dei så får høve til å vise fram i lag med musikarane på konserten. Han meiner at det er nettopp i grenselandet mellom lytting og medverknad, oppleving og aktivitet at dei beste konsertopplevingane oppstår. Difor er det viktig at musikarane har publikumsinvolvering i ryggmargen når dei utarbeider konsertprogrammet saman med produsenten. Men her finst det ingen absolutt fasit, trur han.

Ja takk, begge delar!

Musikklærar Eldar Skjørten er samd i at variasjon i form og uttrykk er viktig. Han vil gjerne at elevane skal vera aktive, men den klassiske konsertforma der publikum sit og høyrer på har framleis ein stor verdi. – Ja takk, begge delar! Medskaping og deltaking er utruleg viktig. Og konsertforma er gamal, men ikkje gamaldags. Men det blir ho dersom ikkje born får den typen opplevingar óg. Det som snart bør være gamaldags er imidlertid elevdeltaking som er lagt til rette utan kompetanse i kva som fører til god deltaking, seier Skjørten.

Tvangskonsertar?

Skulekonsertane er obligatoriske, og dét skil dei òg frå konsertar andre stader. Rikskonsertane legg mykje arbeid i å utvikle formidlingskompetanse, men likevel er det ikkje alltid ein musikar lukkast med å nå fram. I kronikken «Aldri mer kunst?» i Morgenbladet 11. april held Vilde Kamfjord, programansvarleg for DKS Oppland, fram at «…Det er vanskelig å engasjere seg i en forestilling fremført av et ensemble du ikke vet noe om, i en iskald gymsal klokken 08.35 sammen med hele skolen. Inkludert hun som slo opp med deg i går. Hun sitter ved ribbeveggen og hvisker i øret på venninnen sin, du ser det fordi mobilen lyser opp ansiktene deres. Like lite som du greier å holde oppmerksomheten på det som skjer på scenen, har utøverne glede av å fremføre for deg og de andre som ser en annen vei, med eller uten blått lysskjær over fjeset.»

Tilrettelegging er alfa og omega

Til Periskop fortel Kamfjord at ho sjølv ikkje hugsar ein einaste skulekonsert frå si eiga skuletid. – Det betyr nok at eg anten er for gamal til å ha opplevd skulekonsertane, eller at dei ikkje gjorde særleg inntrykk. Men eg hugsar godt eit sterkt møte på skulen, då vi fekk oppleve pakistansk kunst og kultur på nært hald. Det vart presentert av eit norsk-pakistansk foreldrepar til ein medelev, som òg arrangerte alt saman, fortel ho. Det ho òg hugsar frå sin eigen barndom er at foreldra drog ho med rundt på alle slags kulturelle arrangement og aktivitetar ho ikkje ville vera med på. Det er nettopp det ufriviljuge ho hugsar best, og det er gjennom dét ho trekk ein parallell til DKS.  Som vaksen set ho likevel stor pris på kunstopplevingane ho fekk som barn, og ser at innsatsen til foreldra er grunnen til at ho har halde fram med å oppsøkje kunst og kultur. Ho er ikkje i tvil om at tilrettelegginga deira har vore ein viktig faktor på vegen mot å anerkjenne seg sjølv som betraktar i møter med kunst og kultur i dag.

Øyvind Lyslo. Foto: Vegard Fimland

– Først som vaksen skjøna eg kor viktig det var med arbeidet som foreldra mine la ned i åleggje til rette for. Interessa, begiestringa deira, førebuingane, samtalane i etterkant (refleksjonsrommet) og evna til å gjera det relevant i mi utvikling som menneske. Verdien av dette kjem tydelegare fram etter som eg er eldre og har barn sjølv, og i arbeidet mitt, seier Kamfjord.

Gjester bør vera velkomne

Vilde Kamfjord understrekar av det er denne sjølvsagte ivaretakinga av born i samband med alle DKS-opplevingar som er viktig. Det er det tilfeldige ho vil til livs. Kamfjord meiner det er for store skilnader i organiseringa i dag.

– I dag er skulane overlatne til seg sjølve når det gjeld å organisere DKS. Det finst skular og kommunar og regionar der alt med DKS fungerer, men det er likevel for tilfeldig til at det sikrar ivaretakinga av elevane, og for tilfeldig til å frigjera potensialet i ordninga, seier ho. For å koma til målet trur ho det er naudsynt at produsentar og utøvarar lytter til skulen. – Skulen er ein læringsarena, men det tyder ikkje at han ikkje kan vera ein arena for gode, store, små og magiske kunst- og kulturopplevingar. Men vi, som sit på andre sida av bordet, må i større grad lytte til, forstå og respektere skulekvardagen. Skulesekken er på besøk. Som gjest. Gjester har det best når dei er velkomne, seier ho.

Relasjonar og eigarskap

Eldar Skjørten trur at mange av utfordringane kring førebuing og etterarbeid handlar om relasjonar og eigarskap.

– For å setje det litt på spissen: Som lærar er det ikkje vanskeleg for meg å setje opp nokre punkt som musikarane bør førebu seg på for å nå fram til elevane på vår skule. Men så lenge det ikkje finst relasjonar eller gjensidig eigarskap vil nok dei fleste utøvarane oppfatte det som irrelevant. Og på same måten meiner nok lærarane at konsertinformasjonen er nokså fjern frå jobben dei skal gjera. Eg seier ikkje med det at konsertinformasjonen er irrelevant, seier Skjørten. Øyvind Lyslo fortel at Rikskonsertane no i større grad har teke i bruk video som ein del av konsertførebuinga. Ein video blir eit meir direkte møte med ein eller fleire utøvarar som fortel om programmet, om kva elevane skal førebu seg på, eller syner andre glimt frå den kunstnarlege verda elevane skal få møte. Fylkeskommunane vil sannsynlegvis óg gjera meir bruk av video etter kvart, fortel Lyslo.

Bli kjent med skulestrukturane

Eldar Skjørten trur at alle ledd i DKS-systemet hadde vore tent med å bli betre kjende med skulen sine strukturar.

– Vi har sett mange døme på at utøvarar prøver å forankre eit tilbod, kulturelt eller anna, ved nokså lemfeldig omgang med læreplanen. Dei nemner nokre kompetansemål og meiner at no har ein vist at dette passar inn i skulen. Men dette er ikkje forankring god nok. Lærarane set måla inn i ein kontekst, som ofte vil stå i samband med andre læringsaktivitetar gjennom skuleåret. Han trur det kunne vore vellukka om ei gruppe med representantar frå både skule og DKS/Rikskonsertane skisserte nokre modellar som kunne fungere som idébank for produsentane. Så kan dei vurdere kva for produksjonar som treng ei tettare tilknytning til skulen, og kva for nokre som ikkje gjer det. Skulen må sjølvsagt òg ta sin del av ansvaret. – Tida då ein vil inn i skulen utan å reflektere noko særleg over kva ein kan skapa saman med skulen bør vi kanskje vera ferdige med snart? spør Skjørten. – Men når dét er sagt – dette krev óg at skulen ser på korleis han kan ivareta si side av dette samarbeidet. Det blir ein viktig del av debatten, understrekar han.

Skulen og musikarane må møtast!

Både Skjørten og Lyslo har stor tru på møter mellom skulen og konsertprodusentane. I dag har skulane høve til å evaluere programmet sitt i etterkant, det er òg slik programrådet til Rikskonsertane arbeider. Programrådet kjem i tillegg med framlegg til forbetringar før ein eventuell ny turnérunde finn stad.

– Utfordringa er å skape eit forum der både elevar, lærarar og ikkje minst musikarar vert utfordra til å ha ei meir aktiv rolle i fleire av fasane i produkjonsprosessen, seier Lyslo. I artikkelen «Ein gymsal blir aldri eit konserthus» uttala Kari Holdhus at ho kunne ynskje seg nokre skulekonsertprodusentar med grunnskulebakgrunn. Om personar med grunnskulekompetanse kom inn på eit tidleg stadium i produksjonsprosessen ville det kanskje kunne endre ein del litt for etablerte haldningar til kva som er kvalitet i ein skulekonsert. Skjørten meiner det er ein veldig interessant tanke.

– Men det er sjølvsagt ikkje slik at ein produsent blir god til å lage skulekonsertar berre ved å ha grunnskulebakgrunn. Poenget må vera å slå saman dei ulike kompetansane til pedagogen og produsenten slik at kombinasjonen kan løfte ordninga. Om det skal skje gjennom ein allsidig person, eller allsidige team der partane har gjensidig respekt for kompetansen til kvarandre, kan ein vurdere, avsluttar Eldar Skjørten.

Vilde Kamfjord. Foto: Privat

Annonser
Stikkord:
· · ·