Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

To sterke diktsamlingar å lada opp til sommaren med

KATEGORI

Litteratur,

SJANGER

Anmeldelse,

PUBLISERT

mandag 5. juni 2023

Kven treng KI-dikt når ein har Lillegraven og Løvåsen å gle seg over?

Dei er ulike, Ruth Lillegraven si nyaste diktsamling Badesommar og Sigmund Løvåsen sin Tusen elgar i garasjen. I form, i språklege vendingar, i oppsett og i ord. Lillegraven fortset med Badesommar prosjektet ho starta i lag med Mari Kanstad Johnsen i vedunderlege Eg er eg er eg er (2016) – som ho følgde opp med den fine, men ikkje fullt så vedunderlege Skogen den grøne (2018). Alle tre er ein slags diktforteljingar som tek ein gjennom eit stykke tid i eit ungt dikt-eg sitt liv.

Sigmund Løvåsen skriv meir ein slags naturinstruksjonar. Det sprett og kryr og ilar i boka hans, ho er som ein ellevill og rampete variant av Einar Skjæraasen: «Du ska itte trø i graset / spede spira lyt … » Eller vent! seier dikta til Løvåsen i denne boka. Kva om vi faktisk gjer det? Berre veldig – eller ganske – snilt?

Eg har alltid likt Skjæraasen sitt dikt. Men når eg les det no, ser eg kor formanande det òg kan lesast. På andre sida: Alle som har forstyrra ei rugande fuglemor i hekketida, veit kor dumt dét var.

Men har ikkje Løvåsen noko av den same mildt formanande tona, berre i tøyse-variant?

Badesommar


Dikt for barn

Av Ruth Lillegraven

Illustrert av Mari Kanstad Johnsen

Målgruppe: Frå seks år

Samlaget 2023

Førre diktsamlingar: eg er eg er eg er (Samlaget 2016) og Skogen den grøne (Samlaget 2018)

Jente som stupar ned i vatnet mellom maneter og sjøgras

«Badesommar» av Ruth Lillegraven. Illustrert av Mari Kanstad Johnsen. Foto: Samlaget

Hopp i havet

Eg er eg er eg er var mantraet (og tittelen) på Lillegraven si første diktsamling for barn. «Eg vil eg vil eg vil», sa diktar-eg-et. «Eg er eg er eg er», sa ho og insisterte på å ta plass i verda med alt ho var og med det utemde villjentehjartet sitt. Badesommar er på eit vis tilbake på same plassen. Eg-personen i første diktsamling stupar ned i vatnet, eg-personen i Badesommar sym blant maneter og sjøgras på framsida av boka – men det har ein pris.

Som i Eg er eg er eg er følger lesaren eg-jenta i fleire løp, det handlar om forelsking og om ein bestefar som er død, til dømes. Badesommar inneheld òg fleire trådar: Eg-personen er einsam på skulen. Ho får ein liten bror. Ho er den einaste i klassen som ikkje kan symja. Dessutan er mormor gammal, og i Badesommar fortel ho at ho snart skal døy. Men først skal ho læra barnebarnet å symja. Det er der manetene kjem inn.

«Du kan du kan du kan», seier mormor i dikta. Men eg-et trur ikkje på det. Ikkje før ho skjønar det, etter ein tur blant manetene, at ho verkeleg kan.

«Eg er eg er eg er» av Ruth Lillegraven. Illustrert av Mari Kanstad Johnsen. Foto: Samlaget

Med gjentakinga bygger Lillegraven opp ei poetisk spenning i dei kortfatta, korthogde dikta

Effektfull gjentaking

Den magiske formelen til Lillegraven er å gjenta tre gonger, som eg er eg er eg er. I Badesommar finn ein denne formelen fleire gonger – men når det kjem til eg-personen si tru på å få ting til, sit det lenger inne. Ho kan seia det ein gong, kan henda to – men det sit langt inne å seia det tre gonger: eg kan eg kan eg kan. Med denne gjentakinga bygger Lillegraven opp ei poetisk spenning i dei kortfatta, korthogde dikta. I tillegg er dei sprengfulle med språklege bilete. Både naturbilete og naturskildringar, men òg bilete som spring ut frå mormora sitt skatoll, fylt med historier frå det lange livet hennar.

Eg ser føre meg at pre-tenåringen er hovudmålgruppa for boka. Eg er eg er eg er var òg skrive til same aldersgruppa. Eg-personen uroar seg for dei same tinga: Å vera åleine, klimakrisa, at nokon ho er glad i skal døy. Samstundes viser dikta eg-personen at ho ikkje er åleine – i det at ho famnar livet frå den vesle babybroren til den gamle mormora.

Styrken i dikta ligg i den språklege rytmen. Smarte rim og gjentakingar skapar god leseflyt og sterke bilete. Ofte har dikta same rytmen som det dei skriv om: Under vatn er det som ein les i rytmen til duvande tang eller flytande maneter. Kortare og meir andpustent vert det når diktet går føre seg på fotballbana. Dei er gode å lesa, dikta, det er som om eg-et lagar ein plass i bringa si til lesaren som det berre er å krypa inn i.

Ruth Lillegraven. Foto: Agnete Brun

Illustrasjon av Mari Kanstad Johnsen frå «Badesommar». Foto: Samlaget

Ungdommer langs en elv. Sommer

Mari Kanstad Johnsen. Foto: Erika Hebbert / Aschehoug

Nye omstende

Som i dei førre diktsamlingene følger Mari Kanstad Johnsen sine illustrasjonar dikta godt. Dei bygger opp om det unge livet i klåre fargar, og dei fortel sine eigne historier om kva som kan skjula seg under overflata. Som når eg-et sym mot botnen av sjøen på omslaget: Raude maneter varslar fare, samstundes som verda er open, fri og vakker der nede i det uoppdaga. Eller i illustrasjonen som følger diktet «Hestehov»: Pakka inn i lue, skjerf og vottar går jenta på snøen. Men Johnsen tek lesaren med under det kvite laget der ein liten hestehov ligg klar og lyser. Og under der igjen: Ei duvande blome-eng. Illustrasjonen formidlar håpet som følger Badesommar – både i tekst og bilete.

Det er ein god dose gravferd og tankar om døden både i Eg er eg er eg er og Badesommar. Tematikken krinsar kring det same for ein stor del. Men i Badesommar må eg-et ta grep, kasta seg utpå, tru på at ho flyt.

Å læra seg å symja på ein sommar er kjent tematikk frå barnelitteraturen. Det representerer det same som å læra seg å gå, noko som er ein revolusjon i eit liv. Nett det skriv ein ikkje så ofte litteratur for målgruppa om. Å symja blir det nærmaste ein kjem ein slik revolusjon: Å klara seg sjølv under heilt nye omstende. Det er ei bragd å flyta. Det er ei bragd å komma seg dit. Kanskje viser diktet «Hestehov» det aller tydelegast:

 

ein dag ser me
ein lysande gul hestehov

snart er det vår og badesommar
seier mormor

men neste morgon har
det kome ein halvmeter snø

kvar er hestehoven no, spør eg

i ei lita hole med luft, seier mormor
der står han stille og krumbøygd
og ventar på vår

slik du ventar på å bli større
og å kunne symje

slik eg ventar på noko mindre bra

slik menneske alltid ventar på noko

men no øver eg på å vente mindre

berre vere som eg er
berre vere der eg er

Hestehoven ligg klar under snøen. Illustrasjon av Mari Kanstad Johnsen frå diktsamlinga «Badesommar» av Ruth Lillegraven. Foto: Samlaget

Tusen elgar i garasjen


Dikt for barn

Av Sigmund Løvåsen

Illustrert av Hilde Hodnefjeld

Målgruppe: 6-9 år

Samlaget 2023

«Tusen elgar i garasjen» av Sigmund Løvåsen. Illustrert av Hilde Hodnefjeld. Foto: Samlaget

Leik og undring

Sigmund Løvåsen si diktbok handlar om den utrulege naturen, kor finstemt han er, kor smart han er, kor mykje rart som finst der og kor lite mennesket er på same tid. Det er ei bok med dikt som forklarer og nokre gonger utfordrar lesaren med artige oppgåver. Til dømes slik:

 

(…) Løvetanna kan du plukke når ho har visna og er kvit i luggen.
Når du blæs på henne, gir du mamma gule blomar over heile hagen neste år.
Da blir ho glad.

(Frå diktet «Tusen elgar i garasjen»)

 

Der Lillegraven skriv frå det indre livet til eit eg, vender Løvåsen seg til lesaren som eit du. Dikta har lengre setningar og minner meir om prosa. Oppmodinga er klar: Ein skal aldri slutta å undra seg, og ein skal aldri slutta å leika. Dette seier han i fleire av dikta. Løvåsen og illustratør Hilde Hodnefjeld er ganske leikne sjølv òg – midt i boka er det lagt inn ei teikning av ei seng, i fall lesaren vert trøytt og må kvila. Til slutt i boka er det ein illustrasjon av ein do. Sånn i alle tilfelle. Dikta er leiken i form, innhald og språk. Leiken og undringa er i alt i Tusen elgar i garasjen.

Løvåsen forklarer litt om det i det første diktet, «Alt som er» – og oppmodar der lesaren til å gå inn i boka. For i ei bok finst alt. Til og med ein do om ein treng han.

Dikta sjølv oppmodar sjølvsagt til leik: Putt maur i trusa til mamma og pappa, så kan dei få kjenne korleis det er når dei snakkar om maur i rumpa, til dømes. I diktet «Pust» forklarar Løvåsen kvifor leiken er så viktig. Der skriv han kva som skjer når ein gløymer å leika og berre skal gjere alle oppgåvene som ligg der i kvardagen:

Ein vår gløymde eg å leite etter den første hestehoven.
Ein sommar gløymde eg å ete markjordbær.
Ein haust gløymde eg å bade i lauvet.
Ein vinter gløymde eg å byggje snømann.

Og lesaren skjønar: Slik kan ein ikkje ha det.

Oppmodinga er klar: Ein skal aldri slutta å undra seg, og ein skal aldri slutta å leika

«Blir du trøytt, er det ei seng midt i boka, » skriv Løvåsen i «Tusen elgar i garasjen». Berre å legga seg, då. Illustrasjon: Hilde Hodnefjeld. Foto: Samlaget

Illustrasjon av seng og ei trollmor

Sigmund Løvåsen. Foto: Geir Dokken

Klåre bilete

Løvåsen er på barnelesaren si side i denne boka. Ertar han kanskje litt innimellom, men mest av alt freistar han opna fantasien, leikerommet, gjera verda større. «Same kor du set foten, set du han i eit dinosaurspor», skriv han i diktet «Dinosaurane». Løvåsen opnar det kvardagslege fint opp for lesaren og let undringsrommet stå ope lenge etterpå. Og han gjer det i eit tydeleg og konkret språk og med ein sentral kvalitet: Han får til å tvista dikta når det trengst, og brått er heile verda open. Brått kan ein sjølvsagt ete ein elg om ein vert svolten midt i eit dikt. Klart naturen ropar til meg, og klart eg kan vera som rugda når eg veks opp. (Kvifor? Jo, rugda har eit blyantnebb. Og ho har ikkje viskelêr. Ho let det berre stå til.)

Hodnefjeld har, forrutan å teikna inn seng og do til lesaren, freista bringa inn naturen og verkelegheita i illustrasjonane. Som eit foto av ei halveten brødskive med makrell i tomat ved sida av ei teikna spyfluge. Naturelement frå dikta er teikna på eit ark, klipte ut og limte inn på sidene: Små fuglekonger, ein hoggorm, ein brunsnigel. Boka seier: Dette er ein illustrasjon av naturen det handlar om. Den verkelege fluga eller sommarfuglen må du ut og finna sjølv. Det gjer at intensjonen i teksten og i illustrasjonane heng godt saman i Tusen elgar i garasjen.

Meldinga held fram etter biletet og annonsane.

Hilde Hodnefjeld. Foto: Trond Bredesen

«Det er tisset til Jesus som no har vorte brus. / Gammal viking-sveitte renn gjennom blodårene dine.» Diktet vatn kan vera inspirerande. Illustrasjon av Hilde Hodnefjeld til diktsamlinga «Tusen elgar i garasjen». Foto: Samlaget

Diktsamlingane er fine å pakka med seg i sekken på tur

Sjå deg rundt!

Tusen elgar i garasjen er fin å lesa saman med ein vaksen. All oppmodinga til leik kan verta inspirerande, kan hende får ein lyst til å leika i lag. Det er nesten som ei instruksjonsbok for naturleik og naturundringar. Men ho inneheld òg dikt som «Handa» som ber barnelesaren legga si vesle hand ved sida av handa til bestemor eller oldemor – og som fortel om skilnadene. Eller dikt som «Alle barn», som handlar om å prøva å sjå kvarandre med alle dei fine skilnadene me har.

Der Lillegraven seier Heia deg og vil hjelpe barnelesaren til å finna trua på seg sjølv, seier Løvåsen Sjå deg rundt! Verda er gøy, og du er ein del av han!

Båe diktsamlingane kan treffa lesaren, få ein til å le, tenkje etter, sjå seg rundt og sjå innover i seg sjølv. Og så er dei fine å pakka med seg i sekken på tur – særleg Tusen elgar i garasjen. På stranda, til dømes: Les eit dikt!

Medan Badesommar trur eg passar best i hendene til poden som vil vera i fred i hengekøya.

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · ·