Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Vil ha meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken

SJANGER

Notis, Nyhet, Nyheter,

PUBLISERT

onsdag 21. oktober 2020

Kulturtanken lanserer ei ny ordning for å få fleire nynorske produksjonar i DKS.

↑ Frå DKS-produksjonen «Møt nynorskens hus». Biletet er henta frå DKS Oslo si nettside.

For skuleåret 2021 blei 207 nynorske produksjonar sendt inn som forslag til DKS – av 2430 produksjonar totalt. No vil Kulturtanken ha ei endring og lanserer ei ny ordning for å auke talet på nynorsk-produksjonar i DKS.

Gjennom den nye ordninga kan fire til seks DKS-prosjekt få støtte og utviklingshjelp i samarbeid med Seanse, senter for kunstproduksjon i Volda. Samarbeidet er ein workshop med rettleiing og støtte til vidare utvikling av form og innhald, og i å nytte nynorsk som arbeidsspråk.

Alle som har nynorsk som arbeidsspråk for produksjonen kan søke seg til opplegget. Det gjeld både dei som til vanleg brukar nynorsk, og dei som vil endre arbeidsspråket i prosjektet sitt.

Om du er i tvil om hva ein nynorsk DKS-produksjon er, forklarar Kulturtanken det slik: Ein nynorsk produksjon tek utgangspunkt i nynorske tekstkjelder. Nynorsk kan vere representert i alle kunst- og kulturuttrykk, i digital formidling og analog formidling.  Til dømes nynorsk manus for produksjonen, nynorske bøker, songar eller nyskrive tekstgrunnlag.

Søknadsfristen er 1. desember 2020. Meir info finn du her.

 

Samarbeidet er ein workshop med rettleiing og støtte til vidare utvikling av form og innhald, med nynorsk som arbeidsspråk.

Annonser
Stikkord:
· · · · · ·