Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Kvifor nynorsk i Den kulturelle skulesekken?

KATEGORI

Tverrestetisk,

SJANGER

Essay,

PUBLISERT

lørdag 27. mai 2023

Språket i seg sjølv har ei spesiell estetisk kraft som høyrer heime i DKS. Nynorsk i DKS er med på å språkbade elevane i nynorsk, skriv Guro Kristin Gjøsdal i dette fagessayet.

↑ Bilete frå «Hybrid/Sample-Mennesket», vist under konferansen «Den mangfaldige nynorsken» i april 2022. Foto: Erik Brandsborg / Kulturtanken

Guro Kristin Gjøsdal. Foto: Nynorsksenteret

Kulturtanken, fylkeskommunane Vestland, Møre og Romsdal, Vestfold og Telemark, og Nynorsksenteret har sidan 2021 arbeidd med satsinga Meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken. Satsinga er leia av Ragnhild Tronstad (fagansvarleg for scenekunst Kulturtanken) og Øyvind Høstaker (seniorrådgivar kultur og folkehelse Vestland). Åshild Widerøe (rådgivar litteratur, språk og kultur Møre og Romsdal), Anne Hermansen (DKS vg. Vestfold og Telemark) og underteikna (Nynorsksenteret) er i arbeidsgruppa. Formålet er å auke talet nynorske produksjonar innan alle kunst- og kulturuttrykk i Den kulturelle skulesekken (DKS). Denne teksten tek føre seg kvifor nynorsk i Den kulturelle skulesekken er viktig. Først og fremst for eleven og den estetiske dimensjonen, men også når det kjem til lovverk, læreplanar og barne- og ungdomskulturmeldinga.

Mimmi Tamba. Foto: Siren Høyland Sæter

Ein estetisk dimensjon i seg sjølv

Ein nynorsk produksjon er ein produksjon der det skriftlege er på nynorsk, til dømes manus, det skriftlege materiellet, og/eller scenespråket. Å bruke nynorsk som språk i kunstnarisk kontekst kan også definerast som ein materialitet. Omgrepet materialitet i kunst er komplekst, og involverer det som utgjer byggesteinane i den aktuelle kunsten, her: det praktiske og estetiske språket nynorsk. Delane som er involvert i skapinga eller danninga av kunsten, utgjer verket sin materialitet. Språket har ein energi og ei kraft som er med å fargelegge ulike kunstuttrykk. Dette kan brukast breitt innanfor film, kulturarv, litteratur, musikk, scenekunst og visuell kunst. Tverrfagleg og/eller innanfor dei praktiske og estetiske faga sin eigenart. Det nynorske språket i seg sjølv har ein estetisk dimensjon.

Satsinga ønsker å inspirere og støtte den som er utøvar og har nynorsk som hovudmål, sidemål eller som innvandrar til å kunne nytte den nynorske dimensjonen i arbeidet sitt. Skodespelaren, musikkprodusenten og artisten Mimmi Tamba går føre som eit godt eksempel. Ho brukar det nynorske skriftspråket i formidling av kunsten sin:

Mange opplever nynorsk som poetisk og nærmast sjølvhøgtideleg. Eg opplever at det nynorske språket kan bli det motsette! Når eg skriv på nynorsk, kan eg lettare skrive om det emosjonelle og nesten få det til å høyrast daglegdags ut. Samspelet med språket har også ein distanse som byr opp til humor. Eg tykkjer det er noko reint i språket som kler den norske kulturen. Som er den norske kulturen! At ein kan få sagt det enkle og store på ein presis og usentimental måte. Eg er også for at ein skal bryte reglar og tenke nytt, og det er ikkje ein motsetnad til at nynorsk er viktig.

(Tamba til Gjøsdal, 2023)

I satsinga Meir nynorsk i DKS og DKS generelt arbeider vi ut frå lovverk, læreplanar og stortingsmeldingar. Det er nyttig å vite kva politiske føringar som ligg til grunn, og arbeide med kva kreative prosessar det kan gi. Kanskje er det haldningar til det nynorske språket ein med fordel kan sjå i eit anna perspektiv? Då treng vi kunnskap. Kunsten er fri, smart og open.

Å bruke nynorsk som språk i kunstnarisk kontekst kan også definerast som ein materialitet

Foto: Redaksjonen

Dei fleste norsktalande brukar eit språksystem og eit ordtilfang som ligg nærmare nynorsk enn bokmål

Norsk = nynorsk og bokmål

Vi plasserer det nynorske språket i feltet: Norsk = nynorsk og bokmål, og dette lærer eleven som hovudmål, sidemål eller som innvandrar allereie frå 1. og 2. trinnet i opplæringa. Norsk er administrasjonsspråket i Noreg. Nynorsk og bokmål er dei to formelt likestilte skriftspråkvariantane av norsk, som utgjer majoritetsspråket i Noreg. Bokmål dominerer kvantitativt, ikkje minst på grunn av dominansen i hovudstaden og i andre storbyområde. Born og unge vert eksponerte for meir bokmål enn nynorsk gjennom media. Dette skjer uavhengig av kva dei har som hovudmål.

Nynorsk vert brukt som hovudmål av om lag 600 000 personar over heile landet, derav over 76 000 elevar og deltakarar i opplæringa. (Forfattaren har ikkje funne oppdaterte tal på kor mange innvandrarar som lærer nynorsk som andrespråk, men med ei ny flyktningkrise er tala igjen aukande). Nynorsk står sterkt i massemedium, i offentleg forvalting og i kyrkja. Det har ein trygg posisjon i skuleverket, men er lite brukt i det private næringslivet. Det nynorske språket byggjer på dei norske dialektane og er moderne og oppdatert. Theil (2021) argumenterer for at dei fleste norsktalande brukar eit språksystem og eit ordtilfang som ligg nærmare nynorsk enn bokmål.

Det norske språket treng eit språkvern på grunn av sterk påverknad frå det engelske språket, og det er tydelege føringar og fordelar demokratisk i å bruke eit tydeleg og godt språk. Det vil seie ord som opnar og ikkje lukkar for kommunikasjon og likeverd.

Språklova, opplæringslova, læreplanverket og barne- og ungdomskulturmeldinga støttar alle opp om nynorsk i DKS

Kva ligg til grunn for nynorsk i DKS?

Det er sentralt at alle elevar får møte språket sitt. Å utvikle trygg språkidentitet og språkbruk støttar opp om heile mennesket. Språklova, opplæringslova, læreplanverket og barne- og ungdomskulturmeldinga støttar alle opp om nynorsk i DKS. Norskfaget er i alle fag, og det gir også nokon føringar og samanhengar til kvifor nynorsk i DKS er viktig: I læreplanen LK20 (Kunnskapsløftet) er det lagt opp til at elevane i større grad skal arbeide utforskande i faget. Dei skal finne ut av, samanlikne, drøfte og reflektere over språk og tekstar, aleine og saman med andre. Dette grepet skal gi elevane moglegheit til å lære på ein aktiv måte og bygge ny kunnskap ut frå det dei allereie kan og veit.

Norskfaget har eit særleg ansvar for å utvikle elevane sine munnlege ferdigheiter og for opplæringa i å kunne lese og skrive. Elevane skal lese og oppleve skjønnlitteratur og sakprosa for å verte engasjerte, lære og få innsikt i andre menneske sine tankar og liv. I læreplanen er det lagt vekt på at elevane skal forhalde seg kritiske til det dei les eller ser, og at dei skal reflektere over kva slags påverknad og truverd tekstar har. Planen legg også opp til eit tydelegare komparativt perspektiv på arbeid med språk og tekst.

Camara Lundestad Joof er forfatter og dramatiker, for tiden ansatt ved Nationaltheatret. Foto: Øyvind Eide / Nationaltheatret

Nynorsk som maktkritikk

Eit anna døme frå feltet: Forfattar og dramatikar Camara Lundestad Joof omfamnar og bruker det nynorske språket i kunsten. Ho leier scenekunstutvalet i Kulturrådet, og har vore med å fronte satsinga Meir nynorsk i DKS. Ho brenn for meir nynorsk til barn og unge; i opplæring-, kunst- og kulturfeltet. Joof seier:

Eg innsåg at vi har eit politisk og revolusjonært språk som er konstruert her i Noreg. Det er laga for å vise fingeren til Danmark, og for å vere i opposisjon til makta. Då fall eg pladask, og nynorsk vart viktig for meg. Eg forstod kvifor vi har nynorsk. Nynorsk er eit skriftspråk fylt med maktkritikk og identitet. Det er også eit demokratisk prosjekt.

Vi opplever at dette er ei tilnærming unge ofte forstår og blir engasjerte av. Og det same med kunstfeltet. «Nynorsk er fint. Nynorsk er kultur. Men det er også kamp og identitet. Eit språk som er ditt. Som nokon har kjempa for og kjempar for at du skal ha» (Joof til Engen, 2020). Joof trur også at unge kan opne seg for nynorsk dersom ein vert eksponerte på riktig måte. Nynorsksenteret erfarer og forskar i at tidleg start, læreglede, oppdatert nynorskdidaktikk og tverrfagleg samhandling også med kunst- og kulturfeltet er føremålstenleg for nynorsk språkidentitet og språkbruk. Det er då sentralt at opplæringsfeltet og kulturfeltet har reell innsikt og ei engasjert haldning.

Det er ønskeleg at nynorsk skal vere ei folkeleg rørsle og eit folkeleg fenomen – i korleis nynorsk høyrest ut, korleis nynorsk er konstruert, og det at ein sjølv om ein kjem frå ulike delar av Noreg og verda kan finne aspekt av seg sjølv i språket. Det finst mange moglegheiter for barn og unge til å kjenne seg heime i nynorsk skrift og kultur.

Tidleg start, læreglede, oppdatert nynorskdidaktikk og tverrfagleg samhandling også med kunst- og kulturfeltet er føremålstenleg for nynorsk språkidentitet og språkbruk

Henrik Koppen i aksjon under visninga av utdrag frå DKS-produksjonen «Kampen», som han gjer i lag med Geir Egil Eiksund. Biletet er frå konferansen «Den mangfaldige nynorsken». Foto: Trine Ruud Grønningen / Kulturtanken

Dei første produksjonane

I første del av satsinga Meir nynorsk i DKS fekk sju prosjekt med sjangerbreidde, originalitet og nyskaping eit økonomisk tilskot til produksjonsmidlar og eit kunstnarleg opphald på Seanse. I for- og etterkant av opphaldet har kunstnarane og dei engasjerte i satsinga delteke på arbeidsseminar og nettverksmøte som skal bidra til godt fagleg innhald. Opplegget er organisert av Kulturtanken, dei ulike fylka og Nynorsksenteret, som i samarbeid med Seanse har gitt rettleiing og forankring i språkbruk, spissa perspektiv, format, formidlingsmetodar og læreplan.

Prosjekta Elv på himmelen, tonesetting av Jon Fosse sine dikt av Sandra Kolstad, Jubelblues! av Good Time Charlie, Hybrid/Sample-Mennesket av Belinda Braza, Kampen av Geir Egil Eiksund, Ørn av Martine Grande, I dag er du kostymedesignar av Dordi Strøm, og Skit eller kanel av Nynorsk kultursentrum er produksjonane som blei med i satsinga.

Deltakarane summerer opp: «Språk er ikkje eit problem for barn. Det er eventuelt dei vaksne som viser dårlege haldningar og motstand» (Martine Grande). Også Dordi Strøm erfarer at det nynorske språket glir og ikkje nødvendigvis er tematisert i møte med elevane. «Elevar er opne. Dei godtek språket tvert, og har vore undrande og nyfikne om det er ord dei ikkje forstår.»

Dordi Strøm utvikla prosjektet «I dag er du kostymedesignar» gjennom «Meir nynorsk i DKS». Foto: Marie Sjøvold / Samlaget

Geir Egil Eiksund les frå boka «Kampen». Foto: Trine Ruud Grønningen / Kulturtanken

«Kampen» av Geir Egil Eiksund. Omslagsillustrasjon ved Laila Myrseth Tryggeset. Foto: Samlaget

Geir Egil Eiksund fortel at satsinga har opna dører og gjort vegen frå bok til produksjon mogleg. Sjølv stilte han med eit uferdig prosjekt og turnerer no nasjonalt saman med samarbeidspartnar Henrik Koppen. «Det har vore utfordrande og lærerikt. Å få kunnskap om kvifor nynorsk i Den kulturelle skulesekken er sentralt er viktig. Som kunstnar er det inspirerande å vite noko om stoda til nynorsken i samfunnet og i opplæringa. Kunstnarar kan vere gode føredøme», erfarer han. Det er også sentralt at skular er språkbevisste og legg til rette for god kunstformidling for elevar og utøvarar.

Arle Hjelmeland i Good Time Charlie seier det har vore positivt å sjå sin gamle produksjon med nye auge og med språkbriller. Han har fått mykje ut av satsinga, og legg vekt på språkperspektivet, og det å ha vore ein del av eit godt lag. Kulturtanken og arbeidsgruppa vurderer i kva form nynorskperspektivet i DKS kan arbeidast med vidare, også innanfor dei økonomiske rammene. Hjelmeland oppmodar til å halde fram med satsinga og reflekterer rundt korleis ho kan utviklast vidare. «Meir nynorsk i DKS bør halde fram med bevisstgjering og aktivitetar i ulike labar innanfor film, kulturarv, litteratur, musikk, scenekunst og visuell kunst. Satsinga kan til dømes legge opp til gruppearbeid, skrivekurs og kompetansedeling. Det er sentralt å vite kva barn og unge i dag er opptekne av. Det er ikkje tvil om at kunstnarar kan bidra også med nynorskperspektivet til barn og unge».

Det er ikkje tvil om at kunstnarar kan bidra også med nynorskperspektivet til barn og unge

Belinda Braza. Foto: Erika Hebbert

Gjer DKS meir modig

Motstand mot språk kan også opplevast som ein materialitet. Materialiteten til eit språk oppstår då i møtet mellom førehandsoppfatningane til mottakarane og språket i seg sjølv. Korleis kan vi vere med på å løyse opp i låste haldningar til språk, menneske og kultur, og skape rørsle?

Kunstnarane i satsinga har vist vilje til språk. Det kan bety å vere open for intensjonen, likeverdet og moglegheitene språket gir. Vi erfarer at feltet kan finne inspirasjon og kreativitet i kunnskap om det nynorske språket, og samanhengane mellom språk, kunst og kultur, og dei tverrfaglege temaa i LK 20. Kunnskap om språket si rolle gjer kunstfeltet i DKS betre og meir modig:

Å arbeide med nynorsk som tematisk inngang og ramme til kunstnarisk utforsking har vore utfordrande og opna auga våre. Ingen av oss i den kunstnariske gruppa er nynorskbrukarar til vanleg, og det opplevast nok for mange som ei bratt læringskurve. Inngangen vår har vore å sjå nynorsk og hip hop som polyvokale plattformer. Det har gitt spennande utteljingar i det tekstlege, men også samtalane om korleis språket er knytt til identitet og det å kunne gi plass til fleire stemmer i seg sjølv

(Koreograf Belinda Braza i Hybrid/Sample-Mennesket).

Kunnskap om språket si rolle gjer kunstfeltet i DKS betre og meir modig

Frå «Hybrid/Sample-Mennesket» av Belinda Braza. Foto: Erik Brandsborg / Kulturtanken

Ved å legge vekt på nynorsk i DKS gir vi born og unge med nynorsk som sidemål og som innvandrarar moglegheit til å bli kjende med noko som kan bli ein del av den nasjonale identiteten deira

Den kulturelle skulesekken gir barn og unge moglegheit til å kultivere sin eigen smak og finne ut kva dei liker og ikkje liker. Uavhengig av kvar du bur, kva slags klassebakgrunn du har og kva føresette du har. Den kulturelle skulesekken er eit av dei mest demokratiserande prosjekta i Noreg. DKS gjer at born og unge vert eksponerte for språk og kultur dei kanskje ikkje ville valt sjølve (Engen, 2020). Ved å legge vekt på nynorsk i DKS gir vi born og unge med nynorsk som sidemål og som innvandrarar moglegheit til å bli kjende med noko som kan bli ein del av den nasjonale identiteten deira. For dei som har nynorsk som hovudmål kan nynorsk i DKS vere ei påminning om og anerkjenning av hovudmålet.

Sandra Kolstad framfører dikt av Jon Fosse i DKS-prosjektet «Elv på himmelen». Foto: Erik Brandsborg / Kulturtanken

Med respekt og forståing for den frie kunsten meiner eg at Den kulturelle skulesekken og produksjonar innanfor ordninga har nytte av forankring i læreplanar, lærarutdanninga og kunstutdanningar.

Framovermelding

Det vert arbeidd med korleis Den kulturelle skulesekken er presentert for lærarar og elevar. Ei framovermelding frå Nynorsksenteret kan ha positive følger for nynorsk i DKS: Det er ønskeleg at DKS held fram med å legge vekt på nynorsk, og at det er god og føreseieleg samhandling mellom opplæringsfeltet og kulturfeltet. Med respekt og forståing for den frie kunsten meiner eg at Den kulturelle skulesekken og produksjonar innanfor ordninga har nytte av forankring i læreplanar, lærarutdanninga og kunstutdanningar. Det er ønskeleg at DKS medverkar for språket sin plass i feltet, og er eit mangfaldig, representativt, relevant og nyttig tilbod nasjonalt. Det er også ønskeleg at det er god tilrettelegging av informasjon og undervisningsressursar knytt til produksjonar, heilskapleg opplæring og djupnelæring. Og sist, men ikkje minst,er det ønskeleg at den reelle språksituasjonen og lovverk blir teke omsyn til og følgt sentralt.

Artikkelforfattar Guro Kristin Gjøsdal frå Nynorsksenteret frå då ho heldt foredrag under konferansen «Den mangfaldige nynorsken» Foto: Trine Ruud Grønningen / Kulturtanken

Den mangfaldige nynorsken

Satsinga Meir nynorsk i DKS opplever at å plassere det nynorske språket som ein del av mangfaldssamfunnet, er med på å sette nynorsken inn i ein større kontekst. Ein kontekst som rører ved helse og livsmeistring, demokrati, medborgarskap og berekraft. Det er framtidsretta kunnskap som kan setjast i samanheng med LK20 og FNs berekraftsmål. Det særskilte med arbeidet vi utfører her er den nynorske dimensjonen og ideen om at språket i seg sjølv har ei spesiell estetisk kraft som høyrer heime i DKS. Vi trur på at orda i seg sjølv er emosjonelt fruktbare og kan så frø direkte og indirekte. Å ta vare på og vidareføre det nynorske språket handlar også om å høyre til og ha omsorg for orda som er i tradisjonen vår. Desse orda kan få betydning for nye brukarar og vere med å motverke utanforskap. Eit slik perspektiv viser at nynorsk språk og kultur er ein naturleg del av det lokale, nasjonale og globale mangfaldsamfunnet. Eit mål er å vere med på å bidra til bevisste, trygge og kompetente språkbrukarar. Ordet bidra handlar om effekt og at det faktisk er ein kausal samanheng mellom oppleving av tekst og transformasjon av menneske.

Den kulturelle skulesekken er tverrfagleg og tverrestetisk, og ordninga bygger opp om mangfaldsamfunnet. Det nynorske språket er mangfaldig og kan nyttast breitt i ordninga. Nynorsk i DKS er med på å språkbade elevane i nynorsk.

(Guro Kristin Gjøsdal, Nynorsksenteret)

Vi som står bak satsinga har stor respekt for eleven og evaluerer arbeidet vi har gjort til no. Vi er gjerne i dialog med feltet. Satsinga ønsker kvalitetsproduksjonar i DKS som nyttar nynorsk som arbeidsspråk kunstnarisk, informativt og pedagogisk. Vi oppmodar interesserte i å søke inn aktuelle produksjonar til Den kulturelle skulesekken. Ta gjerne kontakt med arbeidsgruppa dersom du har spørsmål.

Å plassere det nynorske språket som ein del av mangfaldssamfunnet, er med på å sette nynorsken inn i ein større kontekst

Kjelder

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · ·