Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Vil laga farleg teater

KATEGORI

Scenekunst,

SJANGER

Intervju, Nyhet,

PUBLISERT

mandag 23. september 2024

Er du blant dei som saknar skrekk og gru i norsk barneteater? Eirik Fauske er på saken.

↑ Eirik Fauske er regissør og dramatikar. No skal han skriva skrekk for barna. Foto: Adam Tumidajewicz/Dramatikkens hus

Førre veke starta eit nytt kull husdramatikarar arbeidsperioden sin ved Dramatikkens hus. Ein av dei fem husdramatikarane er Eirik Fauske. Han skal bruke tida på ein ting: Skriva dramatikk for barn og unge.

Periskop møter Fauske ein regntung septembermorgon. Om kort tid startar husdramatikarperioden opp, og Eirik Fauske skal dykka djupt ned i ulike barneunivers. Han gler seg.

– Det er stort for meg å få gå inn i dette, bruka to år på å skrive teaterstykke for barn. Eg har skrive to stykke for barn tidlegare, Under barnehagen (2010) og Hundrevis av barn i vill kamp (2020). Og når eg har sett produksjonar av dei, har eg tenkt: «Dette får eg jo til!». Så då eg søkte om å bli husdramatikar på Dramatikkens hus, var det dette eg søkte om: Å få skriva for barn.

Når eg har sett produksjonar av dei, har eg tenkt: «Dette får eg jo til!»

Eirik Fauske


Norsk scenekunstnar, dramatikar og regissør

Har skrive og regissert ei rekke skodespel.

Nominert til Ibsenprisen for barneteaterteksten Under barnehagen i 2011, og barneteaterteksten Hundrevis av barn i vill kamp var nominert til Deutscher Kindertheaterpreis i 2022.

Er husdramatikar ved Dramatikkens hus frå september 2024-september 2026, og skal bruka perioden på å skriva teaterstykke for barn og unge.

 

Eirik Fauske. Foto: Privat

Alt er mogleg

Dei to stykka har ikkje gått upåakta hen. Hundrevis av barn i vill kamp har blitt sett opp ved Kilden i Kristiansand, mellom anna, og i vinter vart stykket spelt ved Turteatern i Sverige. I 2022 vart teksten nominert til ein prestisjetung tysk barneteaterpris.

Under barnehagen har vore mykje spelt i Tyskland, ein sju-åtte gonger. I tillegg vart manuset nominert til Den nasjonale ibsenprisen i 2011. Stykket vert presentert slik:

Under Barnehagen handlar for eksempel om det pittelille fuglebarnet som krasja inn i ein barnehage, brakk nebbet, falt til bakken og døydde. Og om kvalen og sjiraffen som svømmer til og frå Afrika. Om klatretreet som rotnar, og om gravemaskina som grev seg nedover og nedover og bortover. Er alt under barnehagen dødt?

Kanskje ikkje heilt den klassiske fortellinga, dette. Korleis tenker du når du skal skriva for barn?

– Eg er fascinert av korleis alt er mogleg. Magiske element og ting som bryt med verkelegheita kan komma på rekke og rad utan at det vert rart eller unaturleg. Det er morosamt å jobba med dyr som kan snakka og folk som kan fly, til dømes. Barn kan forstå ting som verkelege sjølv om det er fantasi. Og desse verkemidla: Folk som flyg eller dyr som snakkar, er ikkje ei psykologisk tolking av verkelegheita, dei finst. Draumen er like verkeleg som verkelegheita – draumen er verkelegheit, seier Fauske.

Magiske element og ting som bryt med verkelegheita kan komma på rekke og rad utan at det vert rart eller unaturleg

DRAUMEN ER VERKELEG: Frå den svenske oppsettinga «Hundratals barn i vild kamp» vinteren 2024. Frå venstre: Kim Theodoridou Bergquist, Mårten Andersson og Moa Niklasson. Foto: Sara P Borgström

Mykje barneteater vert så søtt, eg vil utforska sjangeren frå ein annan stad

Masse falling

Han peiker på forfattaren Olav H. Hauge, som i dikta sine sidestiller draum og verkelegheit. At du også lever i fantasien. Og nett det var viktig for Fauske då han skreiv Hundrevis av barn i vill kamp. Der sklir ein far medan han ber guten sin på skuldrene, og barnet fell, fell og fell gjennom asfalten og ned mot eit hav. Der ventar hundrevis av barn i vill kamp.

Det er mykje falling i barnedramatikken din?

– Ja, masse falling! I desse to stykka var det eit bilde eg jobba ut frå. Når ein fell, har ein ikkje kontroll. I Hundrevis av barn i vill kamp endar guten opp i ei anna verkelegheit. Men han kjem seg lett tilbake: I stykket vekslar han mellom å vera i verda han fall frå og å vera i lag med barna på skipet. Eg trur ikkje det er vanskeleg for barn å skjønna denne vekslinga. Det er jo som å leika.

Når du vel å bruka to år på å skriva dramatikk for barn, må det vera noko i barnedramatikken du saknar?

– Eg tenkte å ta for meg skrekk og gru, svarar Fauske.

På ekte?

– På ekte. Mykje barneteater vert så søtt, eg vil utforska sjangeren frå ein annan stad, skriva om noko som ein ikkje heilt forstår, noko ein berre nesten forstår, seier han.

FARLEG: Eirik Fauske vil utforska det ein ikkje heilt forstår i nye teatertekstar for barn. Her frå svenske Turteaterns oppsetting av «Hundratals barn i vild kamp». Som Guten: Mårten Andersson. Foto: Sara P. Borgström

Barn blir allereie konfrontert med all slags uttrykk aleine framfor skjermen, så kvifor ikkje ta det inn i teateret?

Mykje ekkelt å ta tak i

Han ser for seg å blanda sci-fi, skrekk og grøss, kanskje litt splatter. Det drøye er han ikkje redd for. 

– Korleis kan noko vera skummelt på ei scene, seier han med ettertrykk.

– Det vil eg finna ut av.

Og det trur du barna vil sjå?

– Det er i alle fall mykje ekkelt å ta tak i. Eg gler meg til å gå inn i skrekkuniverset, eg kan godt skriva litt farleg barneteater. Kulturen for barn er i stor grad prega av det ufarlege og pedagogiske. Og det ufarlege må bli utfordra, meiner han.

Barn blir allereie konfrontert med all slags uttrykk aleine framfor skjermen, så kvifor ikkje ta det inn i teateret? spør Fauske.

Samstundes understrekar han at det er viktig for han å skriva underhaldande.

Er det for mykje alvorleg teater, synest du?

– Det finst i alle fall ein del framsyningar ein kan kalla for alvorleg-teater, framsyningar som tar føre seg problemstillingar i livet til barn, dønn alvorleg. Eg vil heller skriva morosamt om det same. Eg vil skriva om noko som er gøy. Og i alle fall ikkje noko som er alvorleg på ein dårleg, overforklart, kjedeleg måte. 

Intervjuet held fram etter bileta og annonsane.

«Hundrevis av barn i vill kamp» hadde tysk premiere ved Schauburg i München i november 2021. Fra venstre: Lucia Schierenbeck, David Benito Garcia, Simone Oswald, Hardy Punzel, Janosch Fries, Helene Schmitt, Michael Schröder. Foto: Cordula Treml

NORSK VERSJON: Barnet kobler seg av omgivelsene, og hjernen velger seg mer håndterbare scenarier, som kamp på en sjørøverskute, i «Hundrevis av barn i vill kamp» ved Kilden. Her: Fredrik Høstaker som Guten. Foto: Heida Gudmundsdottir

Eg trur vaksne, inkludert meg sjølv, har eit behov for å trygge barn. Å ville forklara. Men med det definerer vi òg verda

Vaksenfella

Då Fauske vart nominert til Deutshcher Kindertheaterpreis sa han til Periskop at i den norske oppsettinga av Hundrevis av barn i vill kamp var fantasien psykologiforklart, at det var eit større fokus på den alvorlege sorga. Er dette typisk for norsk barneteater, å psykologiforklara slik?

– Om det er typisk norsk, får andre svara på, men eg trur vaksne, inkludert meg sjølv, har eit behov for å trygge barn. Å ville forklara. Å ville fortelja korleis verda heng saman. Greitt det, men med det definerer vi òg verda, og ikkje minst definerer vi barn sine opplevingar av den: Du er her for å lære deg ting vi vaksne kan. Verkelegheita har eg forstått, og no skal du lære deg den.

Dei fleste dramatikarar skriv ikkje for skrivebordsskuffen. For Fauske har det betydd mykje å sjå ulike tolkingar av det han har skrive, til dømes av Hundrevis av barn i vill kamp.

– Surrealistiske element i den norske, den leikne spelestilen i den tyske versjonen, og all humoren og tøysinga i den svenske, er ting eg likte veldig godt. Korleis dei ulike folka bak har behandla teksten og bygd han ut, korleis barna er i salen. Tekstane eg skriv er jo resultat av små augeblink av konsentrasjon spreidd utover eit lengre tidsrom. Ofte oppdager eg teksten på nytt der og då, når eg ser han spelt, seier Eirik Fauske.

Han er ikkje aleine om å bli spelt ofte i Tyskland, sjeldnare heime i Noreg.

– Tyskland er eit mykje større land, dei har mange reine barneteaterscener, og det er alltid ein teaterpedagog med i produksjonen. Mitt inntrykk er samstundes at tematikk som sorg og død (for barn) blir opplevd meir tabu eller uvanleg i Tyskland enn i Noreg og Sverige. Her er vi litt meir vande med det.

Og blæs teatervinden Eirik Fauske sin veg, vert ungane snart rusta for livet med skrekk og gru frå norske scener. Og det kan vel vera gøy?

– Ja, eg håpar det.

DEFINERA: Kven skal definere verda? Her frå Turteatern si oppsetting av Eirik Fauske sitt stykke «Hundrevis av barn i vill kamp». Foto: Sara P. Borgström

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · ·