Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

– Ikkje tving kunstnarar til å lefle med pedagogikk

SJANGER

Kronikk,

PUBLISERT

fredag 29. oktober 2021

Profesjonell kunst for barn er ikkje utdanning. Det er danning. DKS-leiinga må ha tillit til kunsten, kunstnaren og elevane, skriv Hans Martin Austestad i dette innlegget.

↑ Hans Martin Austestad. Foto: Privat

Det skrivast for tida ei rekke innlegg om utfordringane til DKS, som har 20 årsjubileum. I «feiringa» av ordninga nemner ein ikkje at Rikskonsertene hadde fylt 53 år i år, og at mange av utfordringane ein snakkar om er gjenkjennbare frå Rikskonsertene sin historikk.

Regjeringa tok livet av Rikskonsertene, og lagde ei ny og historielaus utgåve dei kalla for Kulturtanken. Innlegga konkluderer uansett med at DKS har utfordringar, og meiningane omfattar alle område av DKS. Alt er feil.

Stortingsmelding nr. 8 (2007-2008): «Kulturell Skulesekk for framtida». Foto: Stortinget

Feil folk i feil jobb til feil tid

Som tidlegare DKS-utøvar registrerer eg at diskursen om DKS sine utfordringar fortrinnsvis utspeler seg på administrative og pedagogiske premiss. Å få profesjonell kunst ut til elevane har hamna på utsida av samtala. I staden rår uro over kva elevar og lærarar synest om å få kunstnariske gåver på besøk kvart år.

Dette er eit resultat av at feil folk har vore på feil jobb til feil tid sidan Kulturtanken kom på banen. Men problema starta allereie i 2007, med Stortingsmelding nr. 8 «Kulturell Skulesekk for framtida». I denne meldinga vart det lagt fram ei rekke innspel til kva som kan gjerast for å få DKS-ordninga rusta for framtida. Kapittel 3 i meldinga er det eg fortrinnsvis siktar til i dette innlegget, men heile meldinga er særs diskutabel.

Det er mykje som kunne vore gjort langt betre i etterspelet av stortingsmeldinga, om ein berre hadde teke ho for seg i det opne med involvering av folk med fagkompetanse og ein opplyst diskusjon. I staden har ein bak lukka dører lagt om heile DKS med det formål å nytte ordninga til å fylle ut ressursmanglar som skulane måtte ha. Ein har privatisert vilkåra til utøvarar. Og strukturen for økonomiske vilkår og forhandling av rammeavtaler er endra slik at fleire kunstsjangrar ikkje har reell moglegheit til å melde behov rundt sin arbeidsart.

Bak lukka dører har ein lagt om heile DKS med det formål å nytte ordninga til å fylle ut ressursmanglar som skulane måtte ha

Feilslått

Meldinga tok ikkje utgangspunkt i at Rikskonsertene skulle leggjast ned, men dette har hendt utan at nokon har stått til ansvar og forklart tanken bak. I større samanheng kan ein sjå desse inngrepa i lys av ABE-reformen, som Fafo nyleg rapporterte ikkje har fungert hensiktsmessig i forhold til målsetjinga om mindre byråkrati i offentlege musikk- og sceneverksemder. Nei, reformen har ført til at alt har blitt dyrare. Og DKS er ikkje noko unnatak, det bekreftar sjølv Kulturtanken i sine årsrapportar.

Toppane i Nydalen retter gjerne fingeren mot både pandemi og auka kunstnarhonorar som årsak til nedgang. Men nedgangen har vore jamn årleg, og kjem som følger av at Stortingsmelding nr. 8 har vorte mistolka og misbrukt av politiske krefter. Til eit punkt som har definert DKS-ordninga langt inn i ei identitetskrise. Bevisa er eintydige på dette, og taparane er skuleborna som tek imot tilbodet, og DKS-utøvarane som leverer tilbodet.

Eg meiner hovudutfordringa for DKS vil vere å sjå tilbake på denne stortingsmeldinga. På kva som er blitt gjort i forhold til den, og evaluere korleis tiltaka har slått ut. Fordi mange tiltak, deriblant å gjere Rikskonsertene om til ein ikkje-produserande, ikkje-kvalitetsevaluerande kulturetat har vore feilslått.

Taparane er skuleborna som tek imot tilbodet, og DKS-utøvarane som leverer tilbodet

Fra Rikskonsertene sin samtidsmusikkfestival Inn i Varmen på Tou Scene, juni 2016. Foto: Lars Opstad.

Kulturtanken har blitt til ei pedagogisk-politisk-kjøttkvern som presser ut eit praktisk-pragmatisk kunstsyn.

Kulturtanken kveler kunsten

Eg meiner eg må vera ein av utøvarane som dei siste åra har satt meg lengst inn i byråkratiet rundt inntoget av Kulturtanken. Og eg må vera ærleg og seie at Kulturtanken har blitt til ei pedagogisk-politisk-kjøttkvern som presser ut eit praktisk-pragmatisk kunstsyn. Som sakte, men sikkert kveler kunstens vesen på instrumentelle fagplanmåls alter. Og eg skal gå langt i å grunngjeve kvifor dette er min konklusjon.

Følgjande står i dag om DKS i skulen på DKS sine heimesider:

DKS kan sjåast i samanheng med danningsoppdraget til skulen og skal støtte opp under målsetjingar i læreplanverket. Det er viktig å inkludere skuleleiarar, kulturkontaktar, lærarar og elevar som sentrale aktørar i DKS-ordninga. Saman skal vi vidareutvikle eit mangfaldig og relevant DKS-tilbod som samspeler med læreplanane i skulen.

Tankegodset frå dette sitatet er berettiga gjennom Stortingsmelding nr. 8. Eg hevder frå ein kunstnarisk ståstad at denne meldinga er misbrukt ved at kreftene som styrer ordninga har øydelagd velfungerande sider ved den. Eit konkret eksempel på noko som fungerte og som ikkje finst lenger: Programrådet. Eit sentralt råd som gjekk gjennom og evaluerte alle produksjonar.

Ordlyden i Stortingsmelding nr. 8 er full av sjølvmotseiing, og har ei overvekt av pedagogiske mål. Kunst- og kulturlivet har følgjeleg enda opp med å verta endra og massert, og tvinga gjennom ein reform som ikkje vart handsama på ein måte som gjorde at ein kan sjå tilbake og diskutere korleis endringar fungerer.

Eit problem i ordskiftet om DKS, er at kunstnarisk kompetanse er for låg.

Treng DKS målstyring?

Det er mykje å ta tak i. Men eg vil fokusere på at det er for lågt fagleg nivå på det brennande engasjementet for kvalitetskunst i diskursen.

Eit problem i ordskiftet om DKS, er at kunstnarisk kompetanse er for låg. Dette kan eg berre påstå gjennom det overpedagogiske fokuset, og nivået eg observerer på omgrepsbruk i innlegga. Det beste eksempelet eg kan tenkje meg er då Kulturtank-sjef Øystein Strand hevda følgjande i eit innlegg på Kulturtanken sine sider frå august 2021:

Vi som har vårt ståsted i kultursektoren kan ikke ensidig stille krav og forvente tid, rom og oppmerksomhet i skolen uten å ta innover oss at DKS-ordningen må bidra til måloppnåelse også i skolesektoren. Dette mener jeg er fullt mulig å få til uten at kunstens autonomi og egenverdi trues. Men det fordrer at kvalitetsdiskursen er bredere i DKS-sammenheng enn i kunstfeltet for øvrig.

Dette avsnittet frå Strand byr innbyrdes på ein antikulturell polemikk, som om kultursektoren ikkje frå før av har tilpassa kulturen til Rikskonsert/DKS-formatet sidan 1968. Det er ei fornærming av historikken i ordninga. Men han legg det fram på denne måten for å fremme eit omstridt poeng om at det er behov for målstyring også i DKS. Dette kan han gjere gjennom tolking av Stortingsmelding nr. 8 som får kunstnarar til å steile. Strand anerkjenner altså ikkje innbyrdes kva kulturopplevinga byr på, som eit besøk totalt lausrive frå skulesystemet. Dette er trist lesing, kanskje spesielt for dei som likar å gå på kulturarrangement utanfor skuleverket.

Tilpassast skulen?

Men det er endå meir oppsiktsvekkande at Strand vidare skriv kvifor det må vera greitt at kunsten tilpassar seg måloppnåing: Fordi tilpassing er mogleg utan at kunstens autonomi truast. Ordet «autonomi» betyr «sjølvstyre». Strand skriv altså rett ut at kunsten må tilpassast skulen, men samtidig kunne råde over seg sjølv. Eg får det ikkje til å stemme.

Det blir også snakka mykje om eigenverdi i mange av innlegga om DKS. Desse orda, autonomi og eigenverdi, har fått plass i barne- og ungdomskulturmeldinga frå i fjor haust. Problemet er at desse omgrepa er ubrukelege utan at dei som skal bruke orda har reell forståing for kva dei betyr i praksis. Og eg understreker praksis, for det finst forskarar som kan forklare kva det betyr med ord, men er sjanselause utan å støtte seg til verbalspråket som skulen måler alt opp imot.

Strand skriv at kunsten må tilpassast skulen, men samtidig kunne råde over seg sjølv. Eg får det ikkje til å stemme.

Fra tegne- og animasjonsverkstedet «Alien Planet» med kunstner Camilla Renate Nicolaisen. Arrangert av Troms og Finnmark fylkeskommune. Foto: Camilla Renate Nicolaisen

Det pedagogiske paradoks

Styringa av kunstens eigenverdi og autonomi er ikkje noko DKS-styret burde hefte seg med. Det dei kan fokusere på, er korleis DKS kan sjåast i samanheng med det pedagogiske paradoks. Det pedagogiske paradoks bør vera velkjend, at elevar skal underordne seg eit system for å lære seg å tenke fritt. Ein må bli tvinga for å bli frigjort. Her er DKS eit glimrande supplement til danning i skulen, gjennom kunstnarmøtet.

Så korleis omsett ein eit teoretisk konsept som det pedagogiske paradoks til eit praktisk DKS? Då må ein ha tillit til kunsten sine verkeområder, og dei er ikkje målbare. Ein må sleppe kunstnaren til, og gjeve møtet mellom elev og kunstnar tid. Ein må dessutan ha tillit til elevane. Og organisere DKS slik at ordninga handlar om opplevinga, og estetikken i den, og ikkje ta omvegen innom instrumentelle fagplanmål. Ei profesjonell kunstoppleving har ikkje fagplan. Fordi DKS kjem utanfrå, og ikkje er utdanning. Det er danning. Og dette er kanskje det største av problema med Stortingsmelding nr. 8.

Meldinga påstår at DKS må utdanne. Dette tvingar kunstnarar til å lefle med pedagogikk, som om fagplanen er heilag. Det trengst ikkje, ein kan gjera dette enklare. Kunsten byr opp til frie tankar, lausrive frå skulekvardagen.

Ei profesjonell kunstoppleving har ikkje fagplan

DKS er ikkje eit skulefag

Då er det fort gjort å komme på banen med moralisme, slik Matias Hilmar Iversen gjer i sitt innlegg i Periskop: At læraren skulder eleven svar når elever spør «hvorfor skal jeg se denne DKS-forestillingen?» Men i 2021 kjem det kun ei DKS-forestilling i året, kanskje to. Det er ingen måte for lærarar å registrere langsiktig nærvær eller «straffe» eleven for å ikkje møte opp på ei DKS-forestilling. Uansett kor mykje Kulturtanken eller Utdanningsdepartementet måtte ønske å kunne måle det; DKS er ikkje eit skulefag. Det er ei kulturell stund ein får i gåve. Nokre skular får ikkje besøk ein gong, ifølgje statistikken. Slik systemet er, står elevar i praksis fritt til å velje om dei vil delta på DKS-opplegg eller ikkje. Og foreldre kan heilt fint melde at deira barn ikkje skal delta på DKS, dersom dei er overtydde om dette. Eg kan ikkje sjå for meg eit scenario der ein elev stryk i DKS.

Så premisset i Iversen sitt moralske argument er ikkje riktig. At DKS fungerer, kviler på at eleven har tillit til gruppa si, til lærar, og tillit til at det er bra opplegg. Denne tilliten kan ikkje konstruerast med å teipast fast til ein fagplan under evig revidering. Tilliten vert vunne fram gjennom innbyrdes tryggleik på skulen. Og at DKS byr på gode opplevingar med kunst og kultur. Eg trur alle er samde om at DKS er nydeleg når det fungerer. Og det fungerer når besøket er glimrande. Og det er glimrande fordi kunstnarane er gode. Og kunstnarane er gode fordi dei er best på sitt felt. Og tilbodet legg opp til mangfald viss arbeidsvilkåra er etter norsk sosialdemokratisk modell.

Kronikken held fram etter annonsane. 

Eg trur alle er samde om at DKS er nydeleg når det fungerer

Opplæring i DKS-handsaming

Så det er avbrekket frå skulerutinane, det unike kunstnarmøtet, som er styrken i DKS. Det har eg erfart gjennom mine ni år som reisande utøvar. Og også som lærar som sender elevar på DKS i staden for skuletimane mine. Når eg har elevar som spør om dei kan ha time med meg i staden for DKS, seier eg «Nei, stol på meg, du treng dette avbrekket». Aldri har nokon stilt spørsmål når eg seier dette. Det handlar om tillit.

Slepp kunsten fri i skulerommet, gjev elevane felles kulturelle opplevingar, ha tillit til at dette opnar opp for fritenking – og sjå kva som skjer. Lærarar må gjerne ta tak i innhaldet i for- og etterkant, då må dei få tid i stillingsprosenten sin til å gjere slikt arbeid. Den kampen høyrer heime i skuleverket. Og sørg gjerne for at lærarar får grundig opplæring i praktisk-estetiske fag, med fokusområde i DKS-handsaming. Den kampen høyrer heime på lærarutdanninga. Men ein må vite at til dømes lærarutdanninga i Stavanger ikkje ein gang har musikkavdeling. Det er mykje anna som bør hamne først i prioritetskøen, enn at lærarar får opplæring i korleis å skvise spenninga ut av det som frå før av er eit supert besøk.

Slepp fleire kunstnarar til på talarstolen, få beina ned på bakken, og sørg for å heve nivået på kunstnarisk fagprat, for her er det tydeleg konkrete manglar på øvste forvaltningsnivå.

Slepp kunsten fri i skulerommet, gjev elevane felles kulturelle opplevingar, ha tillit til at dette opnar opp for fritenking

Annonser

Stikkord:
· · · · · · · · · · · · ·