Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

– Kritikk har liten påverknad på salet

KATEGORI

Litteratur,

SJANGER

Debattstoff, Intervju,

PUBLISERT

onsdag 10. mai 2023

Forlagsredaktør for barne- og ungdomsbøker i Samlaget, Elen Betanzo, vert klokare av god barnebokkritikk. Men ho syns ikkje det er betre med dårleg kritikk enn ingen kritikk.

↑ Elen Betanzo er forlagsredaktør for barne- og ungdomsbøker i Samlaget. Foto: Sara Olivia Sanderud

Finst det kriterium for god barnebokkritikk? Korleis skal ein tenke inn målgruppa? Og kva for kvalitetar skal ein sjå etter når man meldar barne- og ungdomsbøker?

I oktober trykka Periskop ei melding av barnebøker gitt ut i samband med Halloween, og meldinga skapte debatt om kva som skal være premissa for god barnebokkritikk. Periskop vart utfordra til å gå djupare ned i temaet.

I denne serien intervjuar vi forfattarar, forlagsredaktørar og kritikarar for å få deira synspunkt på barnebokkritikken, og på korleis ein skal forstå mandatet ein har fått som kritiker.

I dag snakkar vi med forlagsredaktør for barne- og ungdomsbøker i Samlaget, Elen Betanzo.

Les òg praten vi har tatt med Julia Kahrs og Silje Bekeng-Flemmen om same tema.

Elen Betanzo


Elen Betanzo (f. 1984) er forlagsredaktør for barne- og ungdomslitteratur i Samlaget.

Ho er også forfattar av flere bøker for barn og ungdom, mellom anna Nordsjøen (2019) og Og hjertet mitt bare (2014).

Kva gjer ein barnebokkritikk god?

– God barnebokkritikk løftar boka inn i ein litterær samanheng, peiker både på punkt i teksten som kunne vore vidareutvikla og på det som fungerer i teksten. God barnebokkritikk har alltid fokus på barnelesaren. Og kanskje viktigast av alt: god barnebokkritikk prøver å svare på korleis akkurat denne teksten vil fungere hos målgruppa. Denne meldinga av Peter F. Strasseggers siste ungdomsroman Kvil i fred er etter mi meining eit døme på ein god og grundig kritikk. Teksten tar prosjektet på alvor, og seier noko substansielt om heilskapen i verket. Den løftar forteljinga om Per inn i samfunnsbildet vårt, og trekk også inn andre av Strasseggers verk i skildringa av denne nyaste tittelen.

God barnebokkritikk har alltid fokus på barnelesaren

– God barnebokkritikk har alltid fokus på barnelesaren, mener Elen Betanzo i Samlaget. Foto: Kelli McClintock/Unsplash

Godt skrive og nyansert barnebokkritikk gjer oss som arbeider med barnelitteratur klokare

Korleis skal vaksne kritikarar tenke når dei melder bøker for barn?

– På same måte som barnebokforfattaren alltid jobbar med barneperspektivet, må det vere kritikarens jobb å teste dette barneperspektivet. Det er noko av det aller vanskelegaste med å lage barnelitteratur, dette at ein snakkar til ei målgruppe som er yngre enn seg sjølv. Og likeeins er det sikkert dette som er mest utfordrande for ein som driv med barnebokkritikk: ein må svare på spørsmålet om korleis teksten fungerer for barnelesaren utan at ein sjølv er ein barnelesar.

– Å sørge for at ein kjenner målgruppa er viktig, både for kritikar, redaktør og forfattar. Reint konkret handlar det vel om å vere i kontakt med målgruppa, men også med bibliotekarar, lærarar, barnehagetilsette. Det handlar om å følge med på trender og tendensar i barnekulturen, og om å teste tekst på målgruppa. Uprisen og Bokslukerprisen er også veldig gode plassar å bli betre kjent med barns litterære vurderingar.

Kven skriv barnebokkritikaren til?

– Til dei vaksne. Til alle som jobbar med barnelitteratur, til foreldre, til formidlarar, til lærarar og barnehagetilsette.

Kvifor treng ein barnebokkritikk?

– Godt skrive og nyansert barnebokkritikk gjer oss som arbeider med barnelitteratur klokare. Å ha ein sterk og levande barnebokkritikk er å ta barnebøkene og barnelesarane på alvor.

Kor viktig er kritikk for boksalet? 

– Blir ein meldt i dei store avisene, blir ein jo synleg for fleire og sel kanskje litt meir. Men viss ei bok får strålande meldingar på nettstader som Barnebokkritikk og Periskop, har det liten påverknad på salet. Det er dessverre altfor sjeldan at dei store mediene melder barnebøker i det heile tatt, og når dei gjer det, er det ikkje alltid heilt lett å skjøne kva kriterier dei vel titlar ut i frå. Situasjonen i dag er vel at dei grundigaste og beste meldingane kjem på nisjenettstader som stort sett blir lest av dei som allereie er opptatt av barnelitteratur.

Kva gjer forlaget når ei bok får sviande kritikk? Og er det betre med en dårleg kritikk enn ingen kritikk?

– Viss det kjem ein dårleg kritikk av ein tekst vi har jobba med, snakkar vi med forfattaren, såklart. Som forlag har vi jo gitt ut boka fordi vi meiner ho er god, så det perspektivet hentar vi alltid fram i slike tilfelle. Og nei, eg syns ikkje det er betre med dårleg kritikk enn ingen kritikk. Det er lite som er meir frustrerande for forfattar og forlag enn å få ei dårleg lesing av ei bok ein har jobba lenge med. Ekstra kjipt er det jo viss meldaren attpåtil har gjort eit dårleg handverk sjølv, kanskje hengt seg opp i irrelevante detaljar, kanskje misforstått vesentlege delar av teksten eller berre ikkje har klart å sjå teksten på tekstens eigne premiss.

Dei grundigaste og beste meldingane kjem på nisjenettstader som stort sett blir lest av dei som allereie er opptatt av barnelitteratur

Annonser
Stikkord:
· · · · · · ·