Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Havlandskap – kreative havfruer og ein utolmodig torsk

PUBLISERT

søndag 25. februar 2024

HVOR
Bergen

BERGEN: Vi dukkar ned blant kval, torsk og havfruer når Kunstpilotene invitera til kunstcamp med tema «Havlandskap». Kunstpilotene har ei utruleg evne til å halde på konsentrasjonen til ein gjeng med utolmodige barnehageborn, gjennom spanande og kreative verkstad, men kan arbeide endå meir med formidlingsbiten for å skape band mellom havets historie og publikum. Meir staffasje og meir fargar! Bli med tolv utolmodige barnehageborn!

↑ KUNSTPILOTENE består av Annette Marandon og André Steenbuch Marandon, dei skapar handlingsorientert, deltakande kunst i offentlege inne og uterom. Foto: Tove Breisten

NY SKRIBENT: Renate Rivedal er ny skribent i Periskop. Hun har fulgt en barnehage i Barnas kulturhus i Bergen og undersøkt prosjektet Havlandskap; verksted og en installasjon som vokser sammen med barna.

Kunstpilotene lover eit seilas der ein kan sy, teikne og modellere både skip, natur og figurar

KUNST I BARNEHAGEN: I dag skal eg følge Petedalsheia barnehage gjennom kunstcamp og verkstad på Barnas kulturhus i Bergen. Kunstpilotene lover eit seilas der ein kan sy, teikne og modellere både skip, natur og figurar. Heile opplegget varar i 1,5 time og gruppa består av fire – og femåringar, så eg er mildt sagt spent på om dei klarar å halde konsentrasjonen oppe i det vi alle samlast i eit trongt trapperom.

Se prosjektbeskrivelsen her!

På golvet ligg det fleire speglar og ein mengde med vakre skjel. Borna får beskjed om å ikkje røre noko, og i staden for byrjar ein med spørsmål. For kva er eigentleg havet? Og kva er forskjellen på sjø, hav og vatn? Er det nokon som har smakt på havet? Smakar havet annleis enn regnet som kom drypande på vegen hit?

BARNAS KULTURHUS i Bergen har eksistert i over 30 år. Foto: Lasse Totland

Eg er mildt sagt spent på om dei klarar å halde konsentrasjonen oppe

KUNSTPILOTENE i Bergen. Sentralt for deira by- og nærnatur prosjekt er fokuset på offentleg kunst, natur og miljø. Alt er gratis, og dei jobbar både inne og ute. Havlandskap var ein installasjonsverkstad i januar og februar 2024. Foto: André Marandon/kunstpilotene

Endeleg får litt av uroa komme ut, når alle får velje kvart sitt skjel

Havet inni oss

Spørsmåla treff, og eit av borna konstatera at havet er det same som sjøen. Han får anerkjennande blikk og nikk av dei andre på avdelinga. Ein anna gut har ikkje heilt fått med seg temaet og er mest oppteken av minna om eit gamalt juletre. Ei jente fortel at når ho var i Kreta sumde ho under vatnet, og det smakte både ekkelt og litt salt. Samtalen går vidare, om både salte tårer og salt snott. Med tårer like salte som havet, så finnes kanskje havet inne i oss også? Sjølv om vi er menneskedyr med armar, bein og lunger.

Endeleg får litt av uroa komme ut, når alle får velje kvart sitt skjel. Nokon finn raskt sitt favoritt-skjel, andre brukar lang tid, ser og studera. Når alle har valt er det tid for mini-utstilling: Ein strekk ut handflata så alle kan sjå kvarandre sitt skjel. Ein fin og enkel måte å presentere konseptet utstilling på. Ein av gutane presser skjelet inntil øyret, og fortel høgt og tydeleg kva han ikkje høyrer, for her er det verken lyden av bil, tog eller buss, men lyden av havet som brusar.

Han får anerkjennande blikk og nikk av dei andre på avdelinga

HAVLANDSKAP frå 3 år. Foto: Renate Rivedal

Eg saknar rett og slett både meir staffasje og meir fargar!

Eit hav av plast og havdyr

Men no er tida komen for eit nytt sceneskifte, denne gongen går vi frå å vere menneskedyr til havdyr. I kjend stil vert enkelte av havdyra meir populære. Kval, hai, Nemo og havfrue går att, mens underteikna får vere flyndre heilt aleine, saman med ein individuell krabbe-gut. Havdyra stablar seg opp på to føter med skjel i handa og gjeller i brystet. No er vi både fysisk og reint temperatur-messig komen til Arktis. Utanom eit vakkert segl som bølgar seg gjennom rommet er det lite som minna meg om havet. Golvet er dekt i plast og i to plastbehaldarar er det nokre små mørkeblå havdyr og på to «sølvfat» er det plassert ein haug med nesten identiske glatte, beige steinar.

Meir staffasje og meir fargar

Eg saknar rett og slett både meir staffasje og meir fargar. Eg saknar også nokon små overgangar og fleire historier om livet i havet. For er ikkje havet fylt av dei mest merkverdige skapningar og vakraste fargar? Kva finnes nedst i det djupaste blå? Kva hadde skjedd om vi i gruppa plutseleg hadde fått gjeller og finner på kroppen og svømte rundt i stim? Det hadde vore fint og samlande med nokre forteljingar om alt det rare som bur der nede i havet, og at borna eller havdyra kunne blitt ein del av det narrative.

Men no skal borna lage sitt eige havdyr av leire og bivoks. Den vesle firkanten er kald og hard, men i varme barnehender vert den etter nokre minutt mjuk og formbar. Ein av gutane lagar ein laks med bein, trykker inn runde glasperler i den mjuke leira, mens andre lagar noko som liknar meir på ein deformert oppdrettslaks. Det er entusiasme hos borna og det er gøy å lage noko av eigne hender.

Endå ein gong er det oppbrot i forteljinga, det kjennes litt hektisk ut med dei stadige sceneskifta, samstundes vert det aldri tid eller rom for kjede seg for dei små. Her er det nye rom og nye hav som skal utforskast. Vi viftar med loffane og tek farvel med havdyra, og brukar hender, lommar og hetter til å frakte med oss steinane og skjella. Vi har forandra ham og går frå symjande havdyr til tøffande skip i alle fasongar.

KUNSTPILOTENE består av Annette Marandon og André Steenbuch Marandon, dei skapar handlingsorientert, deltakande kunst i offentlege inne og uterom. Foto: Tove Breisten

Det kjennes litt hektisk ut med dei stadige sceneskifta

MINIMALISTISK: Utanom eit vakkert segl som bølgar seg gjennom rommet er det lite som minna meg om havet. Foto: Renate Rivedal

Det er entusiasme hos borna og det er gøy å lage noko av eigne hender

Kreativt verkstad med noko for alle

I andre etasje møter vi på meir fargar og dagens kjekkaste verkstad. For her kan ein plaske rundt frå aktivitet til aktivitet. Det er fritt spelerom om ein ynskjer å studere eldgamle kart med gedigne sjømonstre på, med forstørrelsesglas, eller om ein vil vere kaptein på eiga skute. Ein kan også teikne avrisset av ulike skjel eller sy med piperensar og garn i eit stort broderi.

Også sjølve rommet og det estetiske uttrykket er meir innbydande. I den eine delen av rommet ligg det gråpapir som speglar forma i karbon-seglet som heng som ein kjølig skugge ovanfor. Skipet er laga av solide rør som ein klatre på, og det grove broderiet som heng over fungera også som segl. Eit blått teppe, tau og karabinkrokar i neonrosa friskar opp paletten.

Borna er med på notane, her er det sjømenn og havhestar, små grøne ålar og gedigne kvalar som fyller rommet. Det klippast og knytast med tunga konsentrert i munnviken. Nokre av borna går frå stasjon til stasjon, mens andre brodera eller teiknar konsentrert. Eit perfekt opplegg når ein har med seg born med ulik grad av konsentrasjon og interesse. Her er det noko for alle.

Ei av jentene spør etter rosa garn, men her er fargane berre blå, grøne og brune. Men er ikkje havet fullt av fargar? Sjølv om det er freistande å halde paletten i harmonerande fargar er det vel ingen grunn til at det ikkje kan dukke opp ei rosa flyndre eller ei gul brosme?

Her er det noko for alle

FAKTA:


Barnas Kulturhus i Bergen

Barnas kulturhus ble opprettet i 1992 og er kommunalt drevet og finansiert. Elisabeth Slaattelid er konstituert leder.

Antall besøkende knyttet til de ulike verkstedene og tilbudene vi har var for 2023 totalt 16 859. Ukedager har vi tilbud til barnehager og skoler, på lørdager i vår og høstsemesteret har vi tilbud til barnefamilier.

Tilbyr kunst og kultur til barn og barnefamiliar – førestillingar, konserter og verkstader.

Fast laurdagsprogram og verkstad for barn i alderen 3-12 år.
Sentralt står tanken om at barn er kompetente kunst- og kultur-konsumentar.

I vekedagane tilbyr Barnas Kulturhus eit bredt kunst- og kulturtilbod både i og utanfor Barnas Kulturhus. Tilboda er tilrettelagt barnehageborn frå 3 år og skuleborn 1.-4- trinn.

Nettside: https://www.bergen.kommune.no/innbyggerhjelpen/kultur-idrett-og-fritid/kultur/kulturtilbud/barnas-kulturhus

Kunstpilotene

Består av Kunstpilotene Annette Marandon og Andre Steenbuch Marandon.

Arbeidar med relasjonell- og stadsspesifikk kunst, ofte med installasjonar kor ein inviterar inn små og store som medskapare.

Det skal vere ein verkstads-kontekst kor borna både kan leike, lage, utforske, tenke, sanse og vere tilstede med heile seg.

Verkstads-konseptet er tredelt og består av installasjon, verkstad og kunstcamp.

Kunstpilotene mottar ikkje driftsstøtte, men må søke om prosjektmidlar og tilskot til prosjekt initiert av dei sjølve. Eller så mottar dei honorar frå ulike oppdragsgjevarar.

Kunstpilotene har årleg 2-3 prosjekt i urban natur, 4-6 prosjekt i samarbeid med ulike institusjonar og 2-4 prosjekt for «Den kulturelle bæremeisen».

I tillegg til eit fleirårig samarbeid med BARNkunne – senter for barnehageforskning, HVL (Høgskulen på Vestlandet) (https://www.hvl.no/om/barnkunne/) kor Kunstpilotene bidrar med kompetanse frå kunstfeltet med mål om å gjere barnehagesektoren meir utforskande og leiken.

Noko av programmet for våren:
Akvariet i Bergen laurdag 13.4 (barnefamiliar) og tysdag 16.4 (barnehage) i anledning One Ocean Week

Bergen Sjøfartsmuseum laurdag 20.4. og laurdag 27.4 (barnefamiliar)

Nettside: https://www.kunstpilotene.art/

VERKSTAD: I den eine delen av rommet ligg det gråpapir som speglar forma i karbon-seglet som heng som ein kjølig skugge ovanfor. Foto: Renate Rivedal

UTE. Foto: Kunstpilotene

Den vaksne logikken, som ikkje alltid er like logisk, vert den styrande

Den vaksne sin logikk eller borna sine premissar?

I formidling til barn vert det ofte sett opp nokre premissar og rammar for ungane. På den eine sida skal det vere grenseoverskridande og eventyrlege, med snakkande krabber og ei sild på to bein. På den andre sida kan ein ikkje sy ein rosa kreps  fordi det ikkje finnes i røynda.

Den vaksne logikken, som ikkje alltid er like logisk, vert den styrande. Det går også igjen i rekvisittane og materiala som vert brukt. Det er gråpapir, naturlege teiknestiftar, forstørrelsesglas av tre og eit ekte segl med spor av bruk. Likevel vert linoleumsgolvet dekka i plast, og steinane som alle er glatte, beige og like store ser meir ut som dei er handla i butikk, enn at dei er funne  på ei strand. Samstundes lev vi jo i eit samfunn som er fullt i paradoks og havet er dekt i plast, så på eit vis er det samsvar likevel.

Lukkast å halde på kreativiteten og konsentrasjonen

Eg saknar historieforteljinga der borna eller rollene dei vert plassert inn i får rom. Eg saknar også meir tid til undring og spørsmål gjennom kunstcampen. Men Kunstpilotene lukkast i å halde på konsentrasjonen til ein gjeng 4-5 åringar gjennom 1,5 time ved hjelp av hyppige sceneskifte og rollebytter. Det i seg sjølv er ei enorm bragd. Og det er ikkje minst på grunn av eit strålande kreativt verkstad som såg både den energiske havfrua, den snakkesalige krabben og den sjenerte Kaptein Sabeltann.

KUNSTPILOTENE ute. Foto: Kunstpilotene

Eg saknar også meir tid til undring og spørsmål gjennom kunstcampen

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · · ·