
«Vi kjem på ein måte inn i noko nytt»
Korleis formidlar barn opplevingar av kunstmøte gjennom Den kulturelle skulesekken (DKS)? Forskar Merete Jonvik har undersøkt barns opplevingar av DKS i ein ny studie der ho lèt barna sjølv komme til uttrykk med røystene sine på oppdrag fra Kulturtanken. Ho laga eit samandrag av forskninga til Periskop.
↑ RAPPORT: Frå elevmøte på Sol Calero, Las seis ventanas på Stavanger kunstmuseum 2023. Foto: Marie von Krogh

RAPPORT: Merete Jonvik kom i 2025 med rapporten Opplevingar av kunstmøte gjennom DKS og tydinga av dei – Ein kvalitativ studie av verkstader for 4. trinn. Ho er sosialantropolog og sosiolog, og arbeider som førsteamanuensis i sosiologi ved Institutt for medie- og samfunnsfag ved Universitetet i Stavanger. Foto: Edward Hammonds
For nokon kan kunstmøte i DKS kjennast som å koma inn i noko nytt
Denne saken følger opp Utøvende, deltagende og mottagende – tendenser i barn og unges kulturbruk – Periskop
Ein niårig gut fortel om opplevingane sine etter eit besøk saman med klassa si ved Stavanger kunstmuseum på den visuelle kunstverkstaden Fortellinger om leire organisert gjennom Den kulturelle skulesekken (DKS). Saman med andre elevar frå klassa vart han mellom anna spurt om korleis dei syns det var å dra på museumsbesøk med DKS som del av skuledagen:
– Forvirrande og gøy, og det er i alle fall gøyare enn å gå på skule, svarer ein av dei.
– Kvifor er det forvirrande?, spør eg.
– Forvirrande, for det er jo ikkje vanleg, det er jo nytt, og skulen er jo ikkje vanleg til å ha … at vanlegvis gjer vi dette, svarar ein annan.
Eg stiller eit støttespørsmål: – Nei, det er uvanleg?
Guten svarar:
– Vi har jo aldri vore her, og derfor er det liksom, på skulen gjer vi vanlegvis ikkje sånn. Eg synest vanlegvis skule er veldig gøy, men vi pleier ikkje å gjere det her så veldig ofte. Så det er litt spennande og ganske gøy. Eg synest liksom (det at) at vi er her, og at vi aldri har sett dette før. At vi kjem på ein måte inn i noko nytt, og at Den kulturelle skulesekken, den er liksom ikkje kvar dag. Den er liksom sånn éin gong vi gjer, og det treng vi å gjere, fordi det skal bety noko for folk å komme her.
Guten vart intervjua etter kunstmøte og verkstaden ved kunstmuseet, som del av forskingsprosjektet Opplevingar av DKS. For nokon kan kunstmøte i DKS kjennast som å koma inn i noko nytt.
2023: Jonvik fulgte to 4. klassar på to ulike DKS-verkstader hausten 2023. Foto frå Sol Calero, Las seis ventanas Stavanger kunstmuseum 2023. Foto: Oddbjørn Erland Aarstad


PILOT: Studien er ein forskingspilot, og har òg hatt som mål å gi kunnskap om kva som er relevante forskingsdesign for å få fram meir kunnskap om DKS. Blant tilrådingane i rapporten er vidare forsking på elevperspektivet. Foto: Hans Edward Hammonds
Men korleis opplever barna kunstmøta gjennom DKS?
Mangfaldig og enorm målgruppe
Gjennom DKS får barn og unge i heile Noreg oppleva, gjera seg kjende med, sansa og delta i profesjonell kunst og kultur i sjangrane litteratur, visuell kunst, film, scenekunst, kulturarv og musikk. I løpet av eit skuleår organiserer DKS ei rad forskjellige kunstmøte. Møte mellom menneske og kunstverk, menneske og menneske, menneske og materiale.
Menneska i møta kan omtalast med ord som tilskodarar, betraktarar, deltakarar, publikum. Kunstverka i kunstmøta kan ha form som måleri, skulptur, film, sceniske oppsetjingar, bøker og litteraturarrangement, konsertar, performance og verkstader. I 2023 fekk grunnskuleelevar i Noreg til saman opp mot 2,15 millionar unike kunst- og kulturmøte gjennom DKS, viser årsrapport frå Kulturtanken.[1] Dette utgjorde til saman 3758 kunst- og kulturproduksjonar og kunst- og kulturaktivitetar. I gjennomsnitt fekk kvar elev tre kunstmøte årleg.
Men korleis opplever barna kunstmøta gjennom DKS? Korleis beskriv dei opplevingane, dei som er målgruppa for kunstmøta?
Målgruppa for DKS – barn og unge – er mildt sagt enorm. Målgruppa dekker barn og unge frå 1. klasse på barneskulen til og med 3. klasse på vidaregåande, dei er spreidd over heile landet, har forskjellige bustadar, sosiale bakgrunnar, etnisitetar og opphav, interesser, legningar og funksjonsvariasjonar. Gitt storleiken på målgruppa og i tillegg det (kultur)politiske og overordna fokuset på medbestemming og medverknad som har vore dei seinare åra, er det noko underleg at det finst lite forsking på DKS der elevperspektivet står sentralt. Storparten av forskinga på DKS fokuserer på struktur, organisering, forvalting, samarbeid, styring, mål og utfordringar.[2] Elevperspektivet i forsking på DKS er der ein søkjer opplevingar, erfaringar og synspunkt frå barna som er involvert i kunstmøta.
Sentralt i så måte: korleis vi definerer kunstmøte har betydning for korleis vi kan forstå dei.
[1] Kulturtanken årsrapport 2023. DKS Årsrapport 2023 – Kulturtanken
[2] Sjå til dømes Hauge, E.S. & C. Christophersen (2023). DKS og Kulturtanken. En utredning bestående av en kartlegging av DKS og en evaluering av Kulturtanken. Oxford Research / Høgskulen på Vestlandet.
Storparten av forskinga på DKS fokuserer på struktur, organisering, forvalting, samarbeid, styring, mål og utfordringar
RESULTAT: I møtet med barna som deltek i studien, finn Jonvik at kunstmøta er ein stad der barna kunne stilla spørsmål og få tid til å undra seg, nytta sansane og læra nye ting. Her fra Sol Calero, Las seis ventanas på Stavanger kunstmuseum. Foto: Marie von Krogh


SPØRSMÅL FRÅ EIN ELEV: Tok ho mange turar fram og tilbake mellom Venezuela og Noreg? Foto: Marie Von Krogh
Utsegner frå barna i studien vert ikkje tolka som spesifikke eine og åleine fordi dei kjem frå barn, dei vert tolka som utsegner frå menneske i møte med kunst
Opplevingar av DKS
Forskingsprosjektet Opplevingar av DKS, gjort på oppdrag frå Kulturtanken, har elevperspektivet sentralt. Med bruk av kvalitative metodar som observasjon og intervju – observasjon av verkstadar og kunstmøte produsert for og formidla gjennom DKS, og intervju med barn, lærarar og kunstnarar – stiller prosjektet spørsmål om korleis barn set ord på kva dei opplever i kunstmøte formidla gjennom DKS.
Utvalet er lite, eg følgde to 4.klassar frå to forskjellige barneskular i Stavanger på to DKS-produksjonar. Eg gruppeintervjua seks barn, tre lærarar og kunstnarar, nokre av dei ved fleire høve. Forskingsprosjektet er ein pilot i den forstand at det – i tillegg til å gi substansielle funn om elevperspektivet – skal vurdera om forskingsdesignet lèt seg oppskalera i ein større versjon.
Den eine verkstaden var ein film-produksjon, Vi lager film uten kamera, produsert av Polar Film Lab, heldt i dei ordinære klasseromma ved dei to skulane. Den andre, som eg skal legga vekt på her, var ein visuell kunst-produksjon, Fortellinger om leire, heldt ved Stavanger kunstmuseum. Fortellinger om leire, produsert av Stavanger kunstmuseum, vart halden i samband med utstillinga Las seis ventanas (Dei seks vindaugene) av den venezuelanske kunstnaren Sol Calero (f. 1982).
Utsegner frå barna i studien vert ikkje tolka som spesifikke eine og åleine fordi dei kjem frå barn, dei vert tolka som utsegner frå menneske i møte med kunst. Barna vert sett på som fullkomne i sitt vesen,[1] som fullkomne 8- og 9-åringar, akkurat slik dei er no, som verdifulle og interessante samtalepartnarar om kunst. Ei normativ haldning i studien er slik at barn er sjølvstendige og kompetente i møte med kunst. Ei erkjenning av at barn er kompetente, har vakse fram over tid, noko mange meiner heng saman med at FNs barnekonvensjon er vedteken og ratifisert i dei fleste land i verda.[2] Den normative haldninga kan samanstillast med forsking som er gjort på kunstmøte med personar med demens: «I kunstrommet blir ikke innspillene fra publikum tolket som et uttrykk for sykdommen, men som en geniun respons på kunstverket.»[3]
Opplevingar av DKS undersøker i tillegg meir overordna og teoretisk kva som kjenneteiknar kunstmøte i DKS. Og meir spesifikt: kva rollar sosial interaksjon og materielle faktorar speler for opplevingar av kunstmøta, og kva betydning desse har for korleis vi forstår kunstmøte.
Rapporten Opplevingar av kunstmøte gjennom Den kulturelle skulesekken og betydninga av dei gir innsikt i korleis kunstmøta vert opplevd og omtalt. Eg kan løfta fram nokre forhold. Barna både tenkte med og tenkte om kunst i kunstmøta. Dei sansa. Lærte. Leikte. Hadde det kjedeleg. Hadde det kjekt. Blant tema som kom til overflata i intervjua i etterkant av kunstmøta var fargar, fantasi, kjensler, identitet og originalitet. I ein gruppesamtale om totalinstallasjonen til Calero snakka barna til dømes om samanblanding og originalitet:
Barn: Eg tenkjer at ho prøver å blande to ting, så det skal bli meir sånn fantasivt.
Intervjuar: Kva var dei to tinga, då?
Barn: Noreg og Venezuela. […]
Intervjuar: Kvifor trur de ho er oppteken av å blande både Noreg og Venezuela, og vise det til oss, då?
Barn: For at vi skal sjå korleis det blir blanda, og at det er fint med Venezuela og Noreg saman. Ja. Og at vi kan sjå at dette betyr noko for henne.
Barn: Det betyr at ho liker det. […]
Barn: Fordi når eg kom inn her, så hadde eg aldri høyrt om Venezuela. Men når eg har sett desse bileta, så ser det faktisk ganske fint ut. Og viss vi hadde reist til Venezuela, då, så hadde vi jo sett cirka noko av dette. […]
Barn: Og at ho ikkje vil lage berre eit originalt bilete, som er eit bilete. [foto] Og det synest eg ho vil lage noko som akkurat ho har laga. Og ho blandar det som ho har laga, og i staden for å gjere noko frå hennar land, så gjer ho noko som er begge delar, som ingen andre har gjort før.
Intervjuar: Ja, for trur de at nokon andre gjer det akkurat likt som ho?
Barn: Å, det trur eg ikkje. Det er hennar eige.
Barn: Ja, og det er veldig vanskeleg å lage det heilt likt.
Forutan at «fantastivt» er eit spanande omgrep, viser utsegnene at barna synest det er noko leikent, fantasirikt, originalt og særeige ved utstillinga. Dei spurte, assosierte, reflekterte, kikka og samtalte om utstillinga, kunstverka og kunstnarskapen til Calero. Dei spurde:
Kvifor er den krakken kunst?
Lever ho no?
Kvifor brukte ho så mange lyse fargar og ikkje mørke?
Er dette dei originale bileta?
Tok ho mange turar fram og tilbake mellom Venezuela og Noreg?
Kva bilete har ho laga først?
Har du møtt ho som har laga dette?
Kor mange år er ho?
Har ho laga alt dette?
[1] Sjå Jonvik, M. (2020). Eit skilt som prøver å vera eit skilt. Om kunstproduksjon i samarbeid mellom små og store vesen. Nordic Journal of Arts and Research, vol. 9, nr. 1; og Jonvik, M. & H.E. Hammonds (2020). Samarbeid mellom små og store vesen. Oslo: Kulturrådet.
[2] Backe-Hansen, E. & I. Frønes (red.) (2012). Metoder og perspektiver i barne- og ungdomsforskning. Oslo: Gyldendal Akademisk. Sjå òg Christensen, P. & A. Prout (2002). Working with ethical symmetry in social research with children. Childhood, nr. 9.
[3] Lea, E.; C. Hansen & O. Synnes (2020), s. 64. Kunsten å ta kunsten på alvor: Personer med demens på kunstmuseet. Nordic Journal of Arts, Culture and Health, vol. 2, nr. 1.
Barna vert sett på som fullkomne i sitt vesen
VERKSTADEN: Frå DKS-produksjonen Vi lager film uten kamera, Polar Film Lab, 2022. Foto: Sarah Schipschack


MØTE: I kunstmøta skjer eit vell av interaksjonar mellom det materielle og det sosiale, mellom objekt, folk, rom, idear og materialar, skriv Jonvik. Foto: Marie Von Krogh
Kunstmøta var for nokre barn situasjonar der dei kunne ytra og dela tankar, assosiasjonar og sansingar
Ein blå balkong
Utstillinga ved kunstmuseet var ein totalinstallasjon der den venezuelanske kunstnaren hadde utforma og brukt heile utstillingsrommet. Calero utforskar gjerne politiske tema som førestillingar om andre kulturar, stereotypiar, turisme og det eksotiske. I rommet var seks måleri, pastellfargetette og duse, og malte veggar. På motsett vegg av maleria hadde kunstnaren bygd ein balkong publikum kunne tre opp på. Balkongen var sterk blå med raudt underlag, og hadde slyngande plastplanter rundt bølgeblekktak og minisøyler. Som del av utstillinga var òg nokre fargerike og fantasifulle krakkar som publikum kunne flytta rundt og sitja på.
Balkongen var vend mot dei seks vindauga. Under besøket sat barna først saman med kunstformidlaren på golvet framfor måleria og prata, deretter flytta dei seg opp på den blå balkongen der dei prata vidare. Formidlaren spurde frå balkongen: Korleis ser det ut her oppe frå?
Det følest som om vi er inne i jungelen.
Verdas beste balkong.
Eg kan sjå meir av kunsten.
Eg ser meir.
Synest at det rutete ser ut som eit golv. Her oppe ser det ut som mønster.
Føler at vi er inne i bileta.
Slike eigenrådige assosiasjonar og spørsmål – framkalla av kunsten sitt nærvær – er for små drypp å rekne, men viser at kunstmøte kan vera rom å tenkja i, både åleine og i lag med andre. Kunstmøta var for nokre barn situasjonar der dei kunne ytra og dela tankar, assosiasjonar og sansingar. Der dei kunne undra seg, spørja spørsmål, få opplevingar, informasjon og lærdom dei ikkje hadde frå før.
Fakta:
Rapport: Opplevingar av kunstmøte gjennom DKS og betydninga av dei – Ein kvalitativ studie av verkstader for 4. trinn
Skrevet av Merete Jonvik på oppdrag fra Kulturtanken
Publisert mars 2025.
I studien har Jonvik fulgt to 4. klassar på to ulike DKS-verkstader hausten 2023. Eit av dei gjekk føre seg på skulen, medan det andre var ei utflukt til eit museum.
Studien finn at DKS-kunstmøte er ein stad for undring, læring, eksepsjonalitet, samvær og møte med noko nytt.
Sosiale refleksjons- og sanserom
Sjølv om utvalet er lite, gir dette grunn til å omtala kunstmøta gjennom DKS som sosiale refleksjons- og sanserom. Sosiale fordi dei er prega av samhandling, interaksjon, samtalar og relasjonar. Særleg gjeld dette DKS-kunstmøta fordi dei er kollektive og interaksjonistiske i kraft av at barn og vaksne alltid opptrer i grupper. Kunstmøta har òg ei rad materielle dimensjonar, dei skjer i spesifikke rom, har materialar og materielle objekt i seg – både kunstobjekt og ikkje-kunstobjekt. Alle er potensielt verksame i kunstmøta.
I kunstmøta skjer eit vell av interaksjonar mellom det materielle og det sosiale, mellom objekt, folk, rom, idear og materialar. Til dømes var den blå balkongen i utstillinga til Calero sentral for kva barna såg og sansa. Balkongen var med og dytta kunstmøtet og kunstopplevingane i ei spesifikk retning ved at den mogleggjorde at noko kom i framgrunnen. Ein kan seia at balkongen hadde agens i kunstmøtet og situasjonen – i betydninga handlekraft til å endra opplevinga.[1] Den sat i sving opplevingar. Dette kan alle objekt i prinsippet gjera.
Kanskje kan det å studera DKS-kunstmøte som sosiale refleksjons- og sanserom opna for å skildra dimensjonar ved kunstmøte som er sentrale for barn, berika elevperspektivet, bidra til teoriutvikling, og vera ei open og brei tilnærming som utvidar kva vi kan vita om korleis barn møter kunst.
Sjå artikkel og rapport frå forskingsprosjektet:
Kunstmøte i skulen, Nordisk kulturpolitisk tidsskrift
Opplevingar av Den kulturelle skulesekken og betydninga av dei
[1] Griswold, W. & G. Mangione (2013). Objects, Words, and Bodies in Space: Bringing Materiality into Cultural Analysis. Qualitative Sociology, vol. 36; og Bennett, Jane (2022). Vital materie. Existenz forlag.
Ein har jo opplevd det før, plutselig ei kreativ sjel som er kjempeflink å måla, som du kanskje ikkje har oppdaga. Eller det er nokre tankar som du ikkje var klar over at desse elevane sit med. Det er klart at nokre sånne opplevinga får du jo. Og då tenkjer eg at, det er nesten verdt turen berre på grunn av det. (Lærar frå rapporten)
Kulturtanken svarer:
Er det tilstrekkelig med et så lite utvalg til å danne seg et bilde i det hele tatt?
Charlotte Blanche Myrvold, seniorrådgiver i Kulturtanken:
– Det er et godt spørsmål. Og jeg vil si ja, kvalitative dybdestudier er en viktig kilde til innsikt i elevers erfaring med DKS. Men også generelt med kunst og kultur. Jonvik har i denne studien tilbragt tid med elevene både før og etter DKS-møtet, vært sammen med de samme elevgruppene to ganger og intervjuet utøvere og lærere. Rapporten bidrar både med viktig kunnskap om elevenes opplevelse av DKS, begrepsutvikling og et interessant forskningsdesign. Som Jonvik skriver i rapporten: Forskingsprosjektet er ein pilot i den forstand at det – i tillegg til å gi substansielle funn om elevperspektivet – skal vurdera om forskingsdesignet lèt seg oppskalera i ein større versjon.
Rapporten til Merete inngår i et pågående arbeid med å styrke kunnskapsgrunnlaget om betydningen av DKS for elever. Et annet bidrag til innsikt om elevers opplevelse av DKS er Sosiologisk poliklinikks rapport der om lag 350-400 elever deltok i fokusgruppeintervjuer. I tillegg undersøker vi hvordan kvantitative metoder kan tas i bruk for å få mer innsikt i elevenes møter med kunst og kultur i DKS gjennom et verktøy for elevtilbakemeldinger. Ulike metodiske og teoretiske innganger er en styrke for å få innsikt i et så sammensatt fenomen som 800 000 elevers ulike opplevelser med DKS, og Merete Jonviks studie er et viktig bidrag.
Annonser

